1Og Herren tala til Moses på Sinaifjellet og sa:
2Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil gjeva dykk, so skal landet og halda helg for Herren og kvila.
3Seks år skal du så åkeren din, og seks år skal du stella vintrei dine og sanka det som jordi gjev av seg;
17Gjer ikkje urett mot kvarandre; hev age for din Gud! For eg er Herren dykkar Gud.1 Tess 4,6
18Lyd lovene mine og haldt bodi mine og lev etter dei, so skal de bu trygt i landet;1 Kong 4,25
19landet skal gjeva dykk grøda si, og de skal hava nøgdi å leva av og bu der trygt.3 Mos 26,5; Jes 1,19
20Og dersom de spør: Kva skal me eta i det sjuande året, når me ikkje sår og ikkje samlar inn grøda vår? -
21so må de vita at i det sette året vil eg senda dykk mi velsigning, og de skal få so rik ei grøda at ho rekk til for tri år.
22Når de sår i det åttande året, skal de endå eta av fyrrårsavlen; alt til grøda kjem det niande året, skal de leva av den gamle avlen.
23Jordi må de ikkje selja for ollo; for det er eg som eig landet; de er berre framande og leiglendingar hjå meg.1 Mos 23,4; 1 Krøn 29,15; Sal 39,13
24Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord.
25Når det gjeng ut for bror din, og han lyt selja noko av garden sin, so skal næmaste odelsmannen koma og løysa att det som skyldingen hans hev selt.Rut 4,1-12
26Finst det ingen som kann løysa att jordi for han, og han sjølv fær so mykje med hand at han kann greida løysingsummen,
27so skal han rekna frå dei åri som er lidne sidan han selde, og gjeva den han selde til lika for det som att er; då vert eigedomen hans;
28men er han ikkje god til å greida det han skal ut med, so skal jordi høyra kjøparen til alt til jubelåret; i jubelåret vert ho fri og kjem under den gamle eigaren.
29Når ein sel eit stovehus i ein by med murar ikring, so gjeld løysingsretten berre for ei tid; so lenge som eit fullt år etter huset vart selt, skal han hava rett til å løysa det att.
30Vert ikkje huset attløyst fyrr eit fullt år er lide, so skal det - so framt det ligg i ein by med murar ikring - falla under den som hev kjøpt det, og høyra han og etterkomarane hans til for godt, og det vert ikkje fritt i jubelåret.
31Men hus i småbyar som det ikkje er murar ikring, skal reknast til landet; dei kann løysast att, og i jubelåret vert dei frie.
32Er det levitbyane det gjeld, husi i dei byane som høyrer Levi-sønene til, so varer løysingsretten for alle tider.4 Mos 35,4
33Når nokon kjøper eit hus av ein levit, so vert huset fritt i jubelåret, so framt det ligg i fedrebyen hans; for husi i dei byane som høyrer levitane til, er deira odel millom Israels-borni.
34Men beitemarki kring byane deira må ikkje seljast; ho skal høyra dei til for alle tider.4 Mos 35,4-15
35Når det gjeng ut for bror din, og han ikkje kann greida seg lenger, so skal du halda handi yver han, og han skal leva hjå deg som ein framand eller busete.5 Mos 15,7-11
36Du må ikkje taka renta eller yvermål av han; du skal hava age for din Gud og lata bror din leva med deg.2 Mos 22,25; 5 Mos 23,19-20; Sal 15,5; Ordt 28,8
37Du må ikkje låna han pengar på den måten at han skal gjeva deg renta, eller mat på den måten at han skal gjeva deg noko attpå.
38Eg er Herren dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil gjeva dykk Kana'anslandet og vera dykkar Gud.
39Når bror din vert utarma og sel seg til deg, so skal du ikkje lata han gjera slavearbeid for deg.2 Mos 21,2-11; 5 Mos 15,12-18
40Han skal vera hjå deg som ein leigekar eller busete og tena hjå deg til jubelåret;
41då skal han flytja frå deg, både han og borni hans, og fara heim att til ætti si og fedregarden.
42For dei er mine tenarar, eg henta dei ut or Egyptarlandet; dei må ikkje seljast som ein sel ein slave.3 Mos 25,55
43Du må ikkje vera hard med han; du skal hava age for din Gud.Ef 6,9
44Vil du få deg tenestdrenger eller tenestgjentor som skal vera din eigedom, so kann de kjøpa både drenger og gjentor av heidningane som bur rundt ikring dykk,
45og like eins av borni åt innflytjarane som held til hjå dykk; av dei og etterkomarane deira som bur hjå dykk og er fødde i landet dykkar, kann de kjøpa dykk tenarar som de må eiga
46og kann lata borni dykkar få i arv etter dykk med full eigedomsrett; dei kann de bruka til slavar so lenge de vil; men brørne dykkar, Israels-borni må du ikkje gjera deg til herre yver - bror yver bror!
47Når ein framand eller innflutt mann hjå deg kjem til velstand, og bror din som bur innmed han, vert utarma og lyt selja seg til den innflutte framande mannen eller til ein som er runnen av framand rot,
48so kann han løysast ut att etter han hev selt seg. Ein av brørne hans lyt då løysa han ut,
49eller farbroren eller son åt farbroren eller ein annan av det næmaste skyldfolket i ætti hans; og fær han utkoma til det, so skal han løysa seg ut sjølv.
50Når han då gjer upp med den han hev selt seg til, skal dei rekna ut tidi frå det året han selde seg og til jubelåret; kjøpesummen skal bytast med åretalet, og det skal vera som han hadde vore leigekar hjå han og arbeidt etter dagen.3 Mos 25,53
51Er det endå mange år att, so skal han i utløysnad leggja so mykje av kjøpesummen som svarar til dei åri;
52og er det få år att til jubelåret, so skal han gjera upp med han etter dei; han skal i utløysnad gjeva det som svarar til dei åri han er attskuldig.
53Han skal vera jamgod med ein leigekar som arbeider hjå han år for år; du skal ikkje tola at han fer hardt med han.
54Vert han ikkje utløyst på ein av desse måtane, so vert han fri i jubelåret, både han og borni hans.
55For meg høyrer Israels-borni til og er tenarane mine; dei er mine tenarar, som eg hev ført ut or Egyptarlandet; eg er Herren dykkar Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.