Daniel 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Daniel, som er førd burt til Babel av Nebukadnesar, vert vald ut saman med Hananja, Misael og Asarja; dei skal uppsedast til å tena i kongsgarden, 1-7. Daniel vil ikkje gjera seg urein med å eta av den fine kongsmaten, og både han og venane hans fær difor lov til å njota berre grønt; av det kjem dei jamvel til å sjå betre ut enn dei som et av kongsmaten, 8-16. Då uppsedingi er slutt, vert dei førde inn for kongen, og det syner seg at dei er mykje visare enn alle vismennene i Babel, 17-21.
1I det tridje året av kongedømet åt Jojakim i Juda gjorde Nebukadnesar, kongen i Babel, ei herferd mot Jerusalem og kringsette byen.