1Og eg såg, og sjå: Lambet stod på Sionfjellet, og med det hundrad og fire og fyrti tusund, som hadde dess namn og dess Faders namn skrive på panna.
2Og eg høyrde ei røyst frå himmelen liksom ljoden av mange vatn og som ljoden av sterk tora, og røysti eg høyrde, var som av harpespelarar som spela på harpone sine.Op 1,10.15; 5,8
3Og dei song ein ny song framfor kongsstolen og for dei fire levendi og dei eldste; og ingen kunde læra songen utan dei hundrad og fire og fyrti tusund, dei som er kjøpte frå jordi.Op 5,9; 1 Kor 6,20
4Desse er dei som ikkje hev gjort seg ureine med kvende; for dei er som møyar, Desse er dei som fylgjer Lambet kvar helst det gjeng. Desse er kjøpte frå menneski til ei fyrstegrøda for Gud og Lambet,1 Kor 6,15; 2 Kor 11,2; Op 3,4; Jak 1,18
5og i deira munn er ikkje funne svik; for dei er utan lyte.Sal 32,2; Sef 3,13; Ef 5,27; Kol 1,22
6Og eg såg ein annan engel fljuga under det høgste av himmelen; han hadde eit æveleg evangelium å forkynna dei som bur på jordi, og alle folk og ætter og tungemål og landslydar,
7og han sa med høg røyst: Ottast Gud og gjev han æra! for timen er komen då han skal halda dom; og tilbed han som gjorde himmelen og jordi og havet og vasskjeldone!5 Mos 32,3; Fork 12,13; Sal 33,6; 146,6
8Og endå ein annan engel fylgde etter og sa: Falli, falli er Babylon, den store, ho som hev skjenkt alle folki av sin hordoms vreide-vin.Op 16,19; 18,2; Jes 21,9; Jer 51,7
9Og endå ein tridje engel fylgde etter dei og sa med høg røyst: Dersom nokon tilbed dyret og biletet av det og tek merket på panna si eller på handi si,Op 13,16
10so skal han og drikka av Guds vreide-vin, som er skjenkt ublanda i hans harms skål, og han skal verta pint med eld og svovel for augo på dei heilage englar og Lambet;Op 16,19; Jes 51,17; Jer 25,15; Op 19,20; 20,10
11og røyken av pinsla deira stig upp i all æva, og dei hev ikkje kvila dag eller natt dei som tilbed dyret og biletet av det, og kvar ein som tek namnemerket til det.Op 19,3; 13,16-17; 16,2
12Her er tolmodet åt dei heilage, dei som held Guds bod og trui på Jesus.
13Og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: Skriv: Sæle er dei daude som døyr i Herren heretter! Ja, segjer Anden, dei skal kvila frå arbeidet sitt; for gjerningane deira fylgjer med dei.Op 1,11.19; 1 Kor 15,18; 1 Tess 4,14; Hebr 4,9-10
14So fekk eg sjå ei kvit sky, og på skyi sat ein som var lik ein menneskeson, og han hadde ei gullkruna på hovudet og ein kvass sigd i handi.Dan 7,13; Op 1,13
15Og ein annan engel kom ut or templet og ropa med høg røyst til han som sat på skyi: Send ut sigden din og skjer! Timen til skurden er komen; for grøda på jordi er mogi til skurd.Op 6,17; Matt 13,39
16Og han som sat på skyi, let sigden sin fara yver jordi, og jordi vart skori.
17Og ein annan engel kom ut or templet i himmelen, og han hadde ein kvass sigd han og.
18Og endå ein annan engel kom ut frå altaret, og han hadde makt yver elden, og ropa med høg røyst til han som hadde den kvasse sigden: Send ut den kvasse sigden din og skjer druvone av vintreet på jordi! for bæri på det er mogne.
19Og engelen let sigden sin fara yver jordi og skar frukti av vintreet på jordi og kasta henne i den store vinpersa til Guds vreide.Joel 3,18
20Og vinpersa vart trødd utanfor byen, og det gjekk blod ut frå persa heilt upp til beisli på hestane, so langt som tusund og seks hundrad stadier.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.