Domarane 17 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Ei kvinna av Efra'ims-ætti fær gjort eit gudebilete, 1-4. Mika, son hennar, set dette biletet upp i huset sitt og festar ein levit til prest for seg, 5-13.

1Mika heitte ein mann som budde i Efra'imsfjelli.

2Han sa til mor si: Dei elleve hundrad sylvsekel som vart tekne frå deg - du lyste endå for den skuld ei forbanning, som eg høyrde på - dei pengane er hjå meg; det er eg som hev teke dei. Då sa mori: Herren velsigne deg, min son!

3So gav han dei elleve hundrad sylvsekel att til mor si. Då sa ho: Desse pengane vigjer eg no til Herren og gjev dei frå meg til bate for son min, so han kann gjera eit utskore bilete med eit støypt fotstykke til, og no skal du få dei att.

4So tok ho tvo hundrad sekel av pengane han kom att med, og gav dei til ein gullsmed, og han gjorde for dei eit utskore bilete med eit støypt fotstykke til; det var sidan på garden hans Mika.Jes 40,19

5Og Mika var slik mann at han hadde eit gudshus, og hadde gjort ein messehakel og husgudar og hadde vigt ein av sønene sine til å vera prest for seg.Dom 8,27; 1 Mos 31,19; 2 Mos 28,41

6I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar mann gjorde som han hadde hug til.Dom 18,1; 19,1; 21,25

7Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda; han var av Levi-ætti, av den greini som åtte heime i Judafylket, og der heldt han til.

8Den mannen flutte burt frå byen sin, frå Betlehem i Juda, og vilde finna seg ein verestad kvar det kunde høva. På ferdi si kom han til Efra'imsfjelli og til garden hans Mika,

9og Mika spurde han: Kvar kjem du frå? Han svara: Eg er ein levit frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna meg ein verestad kvar det kann høva,

10Då sa Mika til han: Gjev deg til hjå meg, og ver far og prest for meg! Eg skal gjeva deg ti sylvsekel for året og halda deg med kost og klæde. So steig leviten innanfor.

11Han gjekk med på å vera hjå mannen og vart som ein av sønene hans.

12Mika vigde den unge leviten til prest for seg, og han vart verande i huset hans Mika.Dom 17,5

13Og Mika sa: No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg hev fenge ein levit til prest.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help