4. Mosebok 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Etter Herrens fyresegn held Israel påskehelg i øydemarki, 1-5; dei som er ureine, og dei som er på langferd, skal halda påskehelg i den andre månaden, 6-14. Gud syner seg for Israel i øydemarki; dei tek ut og dei lægrar seg etter hans ord, 15-23.

1Året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, i den fyrste månaden, tala Herren til Moses i Sinaiøydemarki og sa:

17Og kvar gong skyi letta seg upp ifrå tjeldet, tok Israels-borni ut med ein gong, og der som skyi let seg ned, der lægra dei seg;2 Mos 40,36-38

18etter Herrens ord tok Israels-borni ut, og etter Herrens ord slo dei læger; men so lenge skyi held seg yver tabernaklet, heldt dei seg i lægret.

19Låg skyi lenge yver tabernaklet, so retta Israels-borni seg etter det som Herren hadde sagt, og tok ikkje ut.

20Stundom låg skyi berre nokre få dagar yver tabernaklet; då heldt dei seg i lægret so lenge Herren vilde.

21Stundom låg skyi der berre frå kveld til morgon; då tok dei ut med same skyi lyfte seg um morgonen. Eller ho låg der ein dag og ei natt; når skyi då lyfte seg, tok dei ut.

22Eller ho låg der eit par dagar eller ein månad eller endå lenger. Når skyi drygde so lenge og vart liggjande yver tabernaklet, heldt Israels-borni seg i lægret og tok ikkje ut; men so snart ho steig til vers, tok dei ut.

23Etter Herrens ord lægra dei seg, og etter Herrens ord tok dei ut. Dei retta seg etter Herrens vilje, soleis som Moses hadde sagt frå Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help