Salmane 56 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Hardt trengd av sine mange fiendar bed David Gud um nåde og hjelp mot dei og segjer at han for hans ord skuld er viss på at bøni vert høyrd, 2-5. Han skildrar vondskapen åt fiendane, som allstødt baktalar han og stend han etter livet, og bed Gud tyna dei, ei bøn som han byggjer på Guds kjennskap til lidingane hans og kjærlege umsut for han, 6-9. Fullviss um bønhøyring prisar han jublande Guds ord, som hev gjeve han denne vissa, og lovar at han vil takka Gud for den frelsa han i trui alt ser er komi, 10-14.
1Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»
2Ver meg nådig, Gud! for menneske vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.
3Mine fiendar freistar å sluka meg heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.