Josva 17 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Den andre helvti av Manasse-ætti fær sin landslut, som døtterne åt Selofhad skal eiga med i, 1-6; grensone åt Manasse-fylket og byane der, 7-11. Dei driv ikkje ut alle kana'anitane, dei heller, 12.13. Josefs-borni kjærer seg for at dei hev fenge for lite odelsland; Josva svarar at dei kann auka det på den måten at dei tek landet frå kana'anitane som bur der, 14-18.

1So fekk Manasse-ætti sin lut; for Manasse var eldste son åt Josef. Makir, eldste son åt Manasse og far åt Gilead, var ein gjæv stridsmann; difor fekk han Gilead og Basanlandet.

3Men Selofhad, son åt Hefer, som var son åt Gilead og soneson åt Makir, son åt Manasse, hadde ingi søner, berre døtter; og døtterne heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa.

6for døtterne åt Manasse fekk odel tilliks med sønene hans. Men Gileadlandet hadde dei andre Manasse-borni fenge.

7Fylkesdeilet åt Manasse gjekk frå Aser til Mikmetat, som ligg midt for Sikem; so tok bytestrengen til høgre til En-Tappuahgrendene.

8Manasse fekk Tappuahbygdi; men Efra'im-borni fekk byen; han låg tett innåt Manasseskiftet.

9So gjekk fylkesdeilet ned til Kanabekken, på sudsida av bekken; men byane der fekk Efra'im, endå dei låg millom Manassebyane. Sidan gjekk fylkesdeilet åt Manasse på nordsida av bekken, til det enda utmed havet;

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help