1. Samuelsbok 25 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Samuel døyr; David sender folk til Nabal i Karmel og bed um mat, men Nabal viser dei burt med hædande ord, 1-11. David vil taka ein blodig hemn; men Abiga'il, kona åt Nabal, hindrar det, 12-35. Nabal fær ein støkk, vert sjuk og døyr ti dagar etter; David gifter seg med Abiga'il og Akinoam; Mikal, fyrste kona åt David, vert gjevi til Palti, 36-44.

1Ved det leitet døydde Samuel, og heile Israel samla seg og heldt syrgjehøgtid etter han. Dei gravla han på garden hans i Rama. So tok David ut og for ned til Paranøydemarki.

26Og no, herre, so visst som Herren lever, og so visst som du sjølv er i live, hev Herren halde deg frå å føra blodskuld yver deg og taka deg sjølv til rettes; og no skal uvenene dine og dei som vil gjera herren min mein, verta som Nabal.

27Denne gåva som tenestkvinna di hev havt med til deg, herre, kann sveinane få, dei som fylgjer deg på ferdene dine.

28Tilgjev tenestkvinna di misferdi hennar! For Herren vil byggja herren min eit hus som stend stødt; for det er Herrens stridar du strider, herre, og det hev ikkje funnest vondt hjå deg frå den dag du vart til.

29Og stend det fram nokon som forfylgjer deg og vil taka livet av deg, so skal livet ditt, herre, vera gøymt i flokken av dei levande hjå Herren din Gud; men livet åt uvenene dine skal han leggja i slyngja og slengja burt som ein stein.

30Når då Herren gjer som han hev sagt, og let deg få alt det gode han hev lova deg, herre, og set deg til fyrste yver Israel,2 Sam 5,2

31so skal ikkje det verta til støytestein for deg eller valda deg samvitsagg, herre, at du hev rent ut skuldlaust blod og teke deg sjølv til rettes, herre. Og når Herren gjer vel mot deg, herre, kom då i hug tenestkvinna di!

32Då sa David til Abiga'il: Lova vere Herren, Israels Gud, som sende meg til møtes med deg i dag!

33Og velsigna vere ditt vit, og velsigna vere du sjølv, som i dag hev halde meg att, so eg ikkje førde blodskuld yver meg og tok meg sjølv til rettes!

34Men so visst som Herren, Israels Gud, lever, han som hev halde meg frå å gjera deg noko til meins: Hadde du ikkje skunda deg og møtt meg, so skulde ikkje ein einaste karmann av folket hans Nabal vore att når det dagast i morgon.

35So tok David imot dei gåvone ho hadde havt med til han, og han sa til henne: Far heim att i fred! Eg hev merkt meg ordi dine og gjort som du bad meg.

36Då Abiga'il kom heim att til Nabal, var det nett gjestebod i huset - eit gjestebod som hjå ein konge, og Nabal var kåt og drukken. Ho nemnde ikkje noko med han, korkje mykje eller lite, fyrr soli rann andre dagen.

37Men um morgonen, då ruset hadde gjenge av Nabal, fortalde kona hans alt saman. Då stivna hjarta i bringa på han, og han vart som ein stein.

38Og um lag ti dagar etter vart han råma av Herrens hand, so han døydde.

39Då David fekk spurt at Nabal hadde slokna, sa han: Lova vere Herren, som hev hemnt mi vanæra på Nabal og halde tenaren sin frå å gjera noko vondt! No let Herren Nabals vondskap koma att på hans eige hovud. Sidan sende David bod og bela til Abiga'il og vilde få henne til kona.

40Tenarane åt David fann Abiga'il i Karmel, og dei bar fram ærendi si og sa: David hev sendt oss til deg og vil få deg til kona.

41Då reiste ho seg og bøygde seg nedåt jordi og sa: Sjå, her er eg og vil vera tenestgjenta di og två føtene åt tenarane dine, herre.Luk 1,38

42Og Abiga'il ferda seg til snøggast ho vann, og steig uppå asnet; like eins dei fem møyane hennar, som fylgde henne. So for ho av garde med dei mennene David hadde sendt, og vart kona hans.1 Sam 27,3; 2 Sam 3,3

43Akinoam frå Jisre'el hadde han og flutt heim til seg, so dei båe tvo vart konone hans.2 Sam 3,2

44Men Mikal Saulsdotter, kona hans David, hadde faren gjeve til Palti La'isson, som var frå Gallim.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help