Amos 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Amos, ein hyrding frå Tekoa, som spådde medan Ussias og Jeroboam den andre var kongar, 1, forkynner ein stor og ålmenn vreidedom frå Herren, 2. Denne domen skal råma Damaskus og Syria, 3-5, filistarane, 6-8, Tyrus, 9.10, Edom, 11.12, og Ammons-borni, 13-15. Alle desse grannefolki åt Israel skal få straff for dei misgjerningane dei hev gjort seg skuldige i mot Israel av hat til det, for di det er Guds folk.

1Dei ordi som Amos, ein av hyrdingane frå Tekoa, fekk i sine syner um Israel i dei dagane då Ussias var konge i Juda og Jeroboam Joasson konge i Israel, tvo år fyre jordskjelven.

4men eg sender eld mot Hasaels hus, han skal øyda slotti åt Benhadad;Am 2,5; Jer 49,27; 2 Kong 8,15; 13,3-24

5so bryt eg sund portbommen åt Damaskus og ryd ut dei som bur i Avendalen, og han som ber kongsstav, i Bet-Eden; og Syria-folket skal førast til Kir, segjer Herren.

6So segjer Herren: For tri misgjerningar av Gasa, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei førde alt folket burt og gav dei i Edoms vald;

7men eg sender eld mot Gasas murar, han skal øyda slotti der;

8so ryd eg ut dei som bur i Asdod, og han som ber kongsstav, i Askalon; eg vender mi hand mot Ekron, og den siste filistar skal verta tynt, segjer Herren, Israels Gud.

9So segjer Herren: For tri misgjerningar av Tyrus, ja for fire tek eg det 'kje att - for dei gav alt det burtførde folket i Edoms vald og ikkje kom i hug si brorpakt;2 Sam 5,11-16; 1 Kong 5,12

10men eg sender eld mot Tyrusmuren, han skal øyda slotti der.

11So segjer Herren: For tri misgjerningar av Edom, ja for fire tek eg det 'kje att - for di han elte bror sin med sverd og kjøvde sin samhug, og stødt let sin vreide rasa og alltid heldt på sin harm;

12men eg sender eld imot Teman, han skal øyda slotti i Bosra.1 Mos 36,15; Jes 63,1; Ob 1,9

13So segjer Herren: For tri misgjerningar av Ammons-borni, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei riste upp barnkonor i Gilead då dei vilde auka sitt land;Hos 14,1; Jer 49,1-6

14men eg kveikjer eld i Rabbas mur, han skal øyda slotti der, medan herropet ljomar på ufredsdagen, og stormen rasar på hardversdagen;

15i utlægd lyt kongen deira fara, både han og hovdingane hans, segjer Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help