Salmane 39 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
David hadde sett seg fyre at han vilde tegja og ikkje mukka mot Herren i sine lidingar, so dei ugudlege ikkje skulde få høve til å spotta; men denne tegjingi hev valda han slik pina at han ikkje kunde halda det ut - han laut tala; 2-4. Utolug bed han no Gud segja han når hans liv skal få ende, klagar for di han hev fyllt hans stutte liv med lidingar, og klagar og for di menneskelivet er so snargjengt og fåfengt, 5-7. Men som han soleis opnar sitt hjarta for Gud, vert den trui levande hjå han at Gud er den som det einast finst hjelp hjå, 8. I denne trui, som gjer det klårt for han at det er syndi som er årsaki til lidingane hans, bed han Herren tilgjeva syndi hans, taka lidingane frå han og soleis gjera han glad att, 9-14.
1Til songmeisteren, til Jedutun; ein salme av David.