1Etter Saul hadde slokna, gjekk det so til at då David hadde vunne yver amalekitane og var komen heim att til Siklag, heldt han seg i ro der tvo dagar.
19Din prydnad, Israel, ligg drepen på haugane dine; ai ei, at kjempone laut falla!
20Fortel det ikkje i Gat, ber ikkje fagnadbod um det i Askalongatone, so ikkje filistardøtterne skal gleda seg og døtterne åt dei u-umskorne jubla!
21De Gilboafjell! Gjev det aldri må falla dogg eller regn på dykk, at der aldri må vera åkrar som ber offergåvor! For der vart helte-skjoldar sulka med blod, skjolden åt Saul, usmurd med olje.
22Frå blodet åt falne, frå kjøtet åt kjempor veik Jonatans boge aldri attende, aldri kom Sauls-sverdet att med ugjort.
23Saul og Jonatan, elskelege og milde i livet, dei vart ikkje skilde i dauden heller; snøggare var dei enn ørnar, sterkare var dei enn løvor.1 Sam 20,2
24Israels døtter! Gråt for Saul, han som klædde dykk yndeleg i purpur og feste gullsylgjor på bunaden dykkar!
25Ai ei, at kjempone laut falla i striden! Jonatan ligg drepen på haugane dine!
26Sårt syrgjer eg deg, Jonatan, bror min! Du var meg so inderleg kjær; din kjærleik var meg dyrare enn kvinne-elsk.1 Sam 18,3; 19,1
27Ai ei, at kjempone laut falla, at båe stridssverdi laut øydast!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.