Esekiel 23 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten nyttar biletet av tvo utuktige syster og skildrar den skammelege avgudsdyrkingi som Samaria og Jerusalem driv. Alt i sin ungdom hev dei drive hor med Egyptarland, 1-4. Samaria, eldste systeri, hev sidan halde ved med sin lauslivnad og drive hor med assyrarane og egyptarane, 5-8, og hev vorte straffa for det igjenom assyrarane, 9.10. Jerusalem, yngste systeri, hev ikkje late seg åtvara, men gjort det same på ein endå verre måte med assyrarane, kaldearane og egyptarane, 11-22; difor skal og Herren igjenom kaldearane lata det få same lagnaden som Samaria, og det i fullt mål, 23-35 båe systerne hev fare like gudlaust åt og lyt difor og båe lida same straffi, 36-49.

1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2Menneskeson! Det var tvo kvinnor, døtter åt ei mor.

3Dei dreiv hor i Egyptarland, i sin ungdom dreiv dei hor; der tukla dei med brjosti deira og tok på deira møyarbarm.

5Ohola dreiv hor og var utru mot meg; ho tok til å lysta etter elskarane sine, etter assyrarane, grannane hennar,

24Dei skal koma yver deg med stridsmakt, vogner og hjul, og med ein flokk men folkeslag; stor skjoldar og små-skjoldar og hjelmar skal dei setja upp imot deg rundt ikring, og eg vil setja dei til domarar, og dei skal døma deg med domane sine.

43Då sa eg um den utlevde skjøkja: No fyrst driv dei ukjurskapen i det store med henne, ja med henne.

44Dei gjekk inn til henne nett som dei gjeng inn til ei skjøkja; soleis gjekk dei inn til Ohola og Oholiba, horkonone.

45Men rettferdige menner skal døma dei, som ein dømer horkonor og kvinnor som renner ut blod; for horkonor er dei, og det er blod på hendene deira.Esek 16,38; Jes 1,15; 59,3

46For so segjer Herren, Israels Gud: Eg vil føra fram ein folkeskare mot dei og lat dei lida hard medferd og plundring.

47Folkeskaren skal steina dei i hel og hogga dei sund med sverdi sine; sønene og døtterne deira skal dei drepa, og husi deira skal dei brenna upp.

48Soleis vil eg gjera ende på skjemdarferdi i landet, og alle kvinnor skal læra å vara seg, so dei ikkje fer med slik ei skjemdarferd som de.

49Dei skal leggja skjemdarferdi dykkar på dykk sjølve, og de skal bøta for dykkar synder med dei ufysne avgudane dykkar, og de skal sanna at eg er Herren, Israels Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help