Matteus 13 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Likningi um dei fire slags sædejord, og korleis denne likningi er å tyda, 1-23; likningane um svimlingen i kveiten, um senapskornet, um surdeigen, og korleis den fyrste av desse likningane skal tydast, 24-43; likningane um skatten i åkeren, um den ovgilde perla og um noti, 44-52. Jesus vert vanvyrd i Nasaret, heimegrendi si, 53-58.

1Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nedmed sjøen.

26Då no åkeren voks upp og skaut aks, so kom svimlingen og til synes.

27Då gjekk sveinane til husbonden og sa: Herre, sådde du ikkje godt frø i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?

28Det hev ein uven gjort, svara han. Vil du me skal ganga og rykkja det upp? segjer dei.

29Nei, sa han, for då kunde de koma til å riva upp kveiten og med det same.

30Lat båe veksa med einannan til hausten, og når skurdonni kjem, vil eg segja til skjerarane: Sanka fyrst svimlingen saman og bunta han i hop til å brennast, men hav kveiten inn i løda mi!Matt 3,12

31So sette han fram ei likning til og sa: Himmelriket er likt eit senapskorn som ein mann tok og sette i hagen sin.Mark 4,31; Luk 13,19

32Det er mindre enn alle andre frøkorn; men når det hev vakse upp, er det større enn alle hagevokstrar og vert eit heilt tre, so fuglane i lufti kjem og byggjer reir i greinene på det.

33So sa han dei ei onnor likning: Himmelriket er likt ein surdeig som ei kona tok og gøymde i tri skjeppor mjøl, til alt mjølet var syrt.Luk 13,21

34Alt dette tala Jesus til folket i likningar, og utan likningar tala han aldri til dei,Mark 4,33-34

35so det skulde sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer: Med likningar vil eg lata upp min munn, og segja fram det som var løynt frå verdi vart grunnlagd.Sal 78,2

36So bad han farvel med folket og gjekk inn att. Då kom læresveinane til han og sa: Tyd ut for oss likningi um svimlingen i åkeren!Matt 15,5

37Han svara: Den som sår det gode frøet, er Menneskesonen;

38åkeren er verdi; det gode frøet er dei som eig heime i riket, og svimlingen dei som høyrer den vonde til;Joh 8,44; Apg 13,10; 1 Joh 3,8

39uvenen som sådde svimlingen, er djevelen; hausten er endelykti på verdi, og skurdfolket er englane.Joel 3,18; Op 14,15

40Liksom no svimlingen vert sanka i hop og uppbrend, soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi:

41Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka ut or riket hans alt som skjemmer ut, og alle som gjer urett,Matt 24,31

42og kasta dei i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.Matt 8,12

43Då skal dei rettferdige skina som soli i riket åt Far sin. Høyr etter, kvar som øyro hev!Dan 12,3

44Himmelriket er likt ein skatt som var nedgraven i ein åker. Den skatten var det ein mann som fann; han grov han ned att, og glad som han var, gjekk han burt og selde alt det han hadde, og kjøpte åkeren.

45Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vene perlor.

46Då han so fann ei som var ovgild, gjekk han av og gjorde alt han åtte i pengar, og kjøpte den perla.

47Sameleis er himmelriket likt ei not som dei kastar i sjøen og fangar alle slag fisk i;

48når ho er full, dreg dei henne upp på strandi, og so set dei seg ned og sankar den gode fisken i koppar, men den som ikkje duger, kastar dei ut.

49Soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi. Då skal englane fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdigeMatt 25,32

50og kasta dei vonde i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.

51Skjøna de alt dette? Dei svarar: Ja.

52Det er godt, sa han; for ein lærar som hev gjenge himmelriksskulen, er lik ein husbond som hentar fram både nytt og gamalt av det han hev gøymt.

53Då Jesus hadde sagt dei alle desse likningane, for han burt att.

54So kom han til heimstaden sin og lærde dei i synagoga deira, so dei vart reint upp i under og sa: Kvar hev han fenge slik visdom frå og slike underfulle krafter?Mark 6,1-6; Luk 4,16

55Er ikkje dette timbremannssonen? Heiter ikkje mor hans Maria, og brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas?Joh 6,42

56Og systerne hans, bur dei ikkje alle her i grendi? Kvar hev so han fenge alt det frå?

57Og dei stygdest ved han. Men Jesus sa til dei: Ein profet er ikkje vanvyrd utan i si eige grend og i si eigi ætt.Luk 4,24; Joh 4,44

58Og han gjorde ikkje mange under der, for di dei var so vantrune.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help