1Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg!
14Herren er min styrke og lovsong, og han vart meg til frelsa.2 Mos 15,2; Jes 12,2
15Fagnadrop um frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk.
16Herrens høgre hand upphøgjer, Herrens høgre hand gjer storverk.
17Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja Herrens gjerningar.Sal 115,17-18; Hab 1,12; Matt 16,18
18Hardt tukta Herren meg, men til dauden gav han meg ikkje.
19Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom dei, eg vil prisa Herren.Jes 26,2
20Dette er Herrens port; dei rettferdige skal ganga inn gjenom den.
21Eg vil prisa deg for di du svara meg og vart meg til frelsa.
22Den steinen som byggjarane vanda, hev vorte hyrnestein.Matt 21,42; Apg 4,11; Ef 2,20; 1 Pet 2,7
23Det er Herren sjølv som hev gjort det so; for oss er det eit stort under.
24Dette er dagen som Herren hev gjort; lat oss fegnast og gleda oss no!Jes 49,8-13; Op 19,7
25Å Herre, frels då! Å Herre, lat det då lukkast!
26Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Me velsignar dykk frå Herrens hus.Matt 21,9; 23,39
27Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret!2 Mos 29,12; 3 Mos 4,18
28Du er min Gud, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg.Sal 31,15
29Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.