1I Ahasverus' tid - det var den Ahasverus som rådde frå India alt til Etiopia yver hundrad og sju og tjuge land -
2i den tid då kong Ahasverus sat på kongsstolen sin i Susanborgi,
3i tridje året av kongedømet hans bar det so til at han gjorde eit gjestebod for alle hovdingane og tenestmennene sine; herhovdingane i Persia og Media, dei høgste mennene i riket og landshovdingane var samla hjå han.
4I mange dagar - hundrad og åtti dagar - let han sin kongelege herlegdom og rikdom koma til synes med all den drust og dramb som fylgde stordomen hans.
5Då dei dagane var lidne, heldt kongen gjestebod i sju dagar for alt folket som fanst i Susanborgi, både store og små, i fyregarden til hagen ved kongsborgi.
6Kvite tjeld av lin og bomull og blå purpurtjeld var feste til marmorsulor med kvite bomullsnorer og raude purpursnorer som låg i sylvringar; gull- og sylvbenker stod på golvhellor av alabast og kvitt marmor og perlemor og svart marmor.
7Drykkane vart skjenkte i gullskåler, og kvar skål var ulike dei hine. Og der var nøgdi av kongeleg vin, som det høvde hjå ein konge.
8Med drykken for dei fram etter den fyresegni at ingen skulde nøydast; for kongen hadde bode alle dei øvste tenarane i huset sitt at dei skulde lata kvar mann få so mykje han sjølv vilde.
9Samstundes heldt dronning Vasti gjestebod for kvinnor i kongeslottet åt kong Ahasverus.
10Sjuande dagen, då kongen var vorten fjåg av vinen, sa han til Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas, dei sju hirdmennene som gjorde tenesta hjå kong Ahasverus,
11at dei skulde henta dronning Vasti og leida henne fram for kongen med den kongelege kruna på hovudet, so han kunde lata folki og hovdingane få sjå venleiken hennar; for ho var ovfager.
12Men dronning Vasti vilde ikkje koma - ho trassa bodet som kongen hadde sendt med hirdmennene. Då vart kongen harmfull - vreiden loga upp i han -
13og han sa til vismennene, som hadde vit på tidshøvi - for soleis vart kvar sak som kongen skulde avgjera, lagd fram for alle som hadde vit på lov og rett,
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.