1Det som var ifrå upphavet, det som me hev høyrt, det som me hev set med augo våre, det som me skoda og hendene våre tok på - um livsens OrdJoh 1,1.14; 2 Pet 1,16; Luk 24,39; Joh 20,27
2- og livet vart openberra, og me hev set det og vitnar og forkynner dykk livet, det ævelege, som var hjå Faderen og vart openberra for oss -Joh 1,4; 2 Tim 1,10; Joh 1,2
3det som me hev set og høyrt, det forkynner me dykk og, so de kann hava samfund med oss, men vårt samfund er med Faderen og med hans Son Jesus Kristus.Joh 17,21; 1 Kor 1,9
4Og dette skriv me so dykkar gleda kann vera fullkomi.Joh 15,11; 16,24; 2 Joh 1,12
5Og dette er den bodskapen me hev høyrt av han og forkynner dykk, at Gud er ljos, og det finst inkje myrker i han.Joh 8,12; 1 Tim 6,16
6Dersom me segjer at me hev samfund med han, og me ferdast i myrkret, so lyg me og gjer ikkje sanningi;1 Joh 2,4; Joh 3,21
7men dersom me ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, so hev me samfund med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss frå all synd.Hebr 9,14; 1 Pet 1,2
8Dersom me segjer at me ikkje hev synd, so dårar me oss sjølve, og sanningi er ikkje i oss;1 Kong 8,46; Ordt 20,9; Fork 7,20
9dersom me sannar syndene våre, so er han trufast og rettferdig, so han forlet oss syndene og reinsar oss frå all urettferd.Ordt 28,13; Sal 32,5
10Dersom me segjer at me ikkje hev synda, so gjer me han til ljugar, og hans ord er ikkje i oss.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.