1. Kongebok 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

På Davids gamle dagar steller Abisag um han, 1-4. Adonja vil vera konge i Israel og hev Abjatar og Joab på si sida, 5-10. Profeten Natan rådar Batseba til å tala til David for Salomo, son sin; ho gjer so, og Natan hjelper henne, 11-27. David let Sadok salva Salomo, 28-40. Adonja fær vita det og rømer; Salomo sparar han denne gongen og let han fara heim, 41-53.

1No var kong David gamal og langt fram i åri; dei bredde åklæde på han, men endå vart han ikkje varm.

2Då sa mennene hans til han: Lat dei leita etter ei ungmøy åt deg, herre konge! Ho skal vera hjå deg og stella um deg og sova på armen din; då vert du nok varm, herre konge.

3So leita dei i heile Israelsriket etter ei ven gjenta; og dei fann Abisag frå Sunem og kom dei til kongen med henne.

4Det var ei ovven gjenta. Ho tok til å stella um han og gjekk han til handa; men han tok henne ikkje i fang.

5Adonja, son åt Haggit, hyste høge tankar og sa: Eg vil vera konge. Han fekk seg vogner og hestfolk og ein flokk på femti mann som sprang fyre han.

7Han samrådde seg med Joab Serujason og med presten Abjatar, og dei heldt med han og hjelpte han.1 Kong 2,22

8Men presten Sadok og Benaja Jojadason og profeten Natan og Sime'i og Re'i og herkjempone åt David heldt seg undan Adonja.

9Adonja slakta sauer og uksar og gjødkalvar burtmed Soheletsteinen, som stend attmed En-Rogel, og han bad til seg alle brørne sine, kongssønene, og alle Juda-menner som var i tenesta hjå kongen;

10men han bad ikkje profeten Natan, og ikkje Benaja og herkjempone, og ikkje Salomo, bror sin.

11Då tala Natan soleis til Batseba, mor åt Salomo: Du hev vel høyrt at Adonja, son åt Haggit, hev vorte konge, og David, herren vår, veit det ikkje?

12Lat meg no få gjeva deg ei råd, so du kann berga både ditt eige liv og livet åt Salomo, son din!

13Gakk inn til kong David og seg til han: Herre konge, du kjem vel i hug at du hev lova tenestkvinna di høgt og dyrt at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja i kongsstolen din? Korleis hev det då gjenge til at Adonja hev vorte konge?

14Og medan du er der inne og talar med kongen, skal eg koma inn og sanna ordi dine.

15Då gjekk Batseba inn i kammerset til kongen. Kongen var då svært gamal, og Abisag frå Sunem stelte um han.

16Batseba bøygde seg og kasta seg ned for kongen, og kongen spurde: Kva hev du på hjarta?

17Ho svara: Herre, du hev svore ved tenestkvinna di ved Herren din Gud at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din.

18Men sjå no hev Adonja vorte konge, og du, herre konge, veit det ikkje.

19Han hev slakta uksar, gjødkalvar og sauer i mengdevis og bede til seg alle kongssønene og Abjatar, presten og Joab herhovdingen; men Salomo, tenaren din, hev han ikkje bede.

20Og no vender heile Israel augo sine mot deg, herre konge, og ventar på at du skal lata dei vita kven som skal sitja i kongsstolen etter deg, herre konge.

21Elles kann det koma til å ganga so at når du, herre konge, hev fare til federne dine, vert eg og Salomo, son min, haldne for brotsmenner.

22Medan ho endå tala med kongen, kom profeten Natan,

23og dei gjekk til kongen og sa: Natan, profeten, er her. Han kom inn og steig fram for kongen og kasta seg å gruve for han.

24So sa Natan: Herre konge, det er vel so du hev sagt at Adonja skal vera konge etter deg og at han skal sitja i kongsstolen din?

25For i dag hev han fare nedetter og hev slakta uksar og gjødkalvar og sauer i mengdevis og bede til seg alle kongssønene og herhovdingane og presten Abjatar, og no et og drikk dei i lag med han og ropar: Leve kong Adonja!

26Men meg, tenaren din, og presten Sadok og Benaja Jojadason og Salomo, tenaren din, hev han ikkje bede.

27Kann dette vera kome frå deg, herre konge? - du hev då ikkje gjort kunnigt for mennene kven som skal sitja i kongsstolen din etter deg, herre konge!

28Då tok kong David til ords og sa: Kalla Batseba inn til meg! So kom ho inn og steig fram for kongen.

29Og kongen svor og sa: So visst som Herren lever, han som hev fria meg ut or all naud:1 Sam 26,24; 2 Sam 4,9

30Det eg hev svore deg ved Herren, Israels Gud - at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og at han skal sitja i kongsstolen min i min stad - det vil eg setja i verk i denne dag.

31Då bøygde Batseba seg med andletet mot jordi og kasta seg for kongen, og sa: Gjev herren min, kong David, må leva æveleg!

32So sa kong David: Kalla presten Sadok hit, og profeten Natan, og Benaja Jojadason! Då dei kom inn og gjekk fram for kongen,

33sa han til dei: Tak tenarane åt herren dykkar og lat Salomo, son min, rida på mitt eige muldyr og fylg han ned til Gihon!

34Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge yver Israel, og de skal blåsa i luren og ropa: Leve kong Salomo!

35So skal de fylgja han upp att, og når han kjem hit att, skal han setja seg i kongsstolen min og vera konge i min stad; for det er han eg hev etla til fyrste yver Israel og Juda.

36Då tok Benaja Jojadason til ords og sa til kongen: Ja vel! Med Herren din Guds vilje skal me so gjera, herre konge!

37Som Herren hev vore med deg, herre konge, so vere han med Salomo, og gjera hans kongsstol endå større enn din, herre konge.

38So tok dei ut, både presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason med livvakti; dei let Salomo rida på muldyret åt kong David og fylgde han ned til Gihon.

39Presten Sadok henta oljehornet or tjeldet og salva Salomo. So blæs dei i luren, og alt folket ropa: Leve kong Salomo!1 Krøn 29,22

40So fylgde heile hopen han upp att. Dei spela på fløyta og gledde seg storleg; det var so jordi reint vilde rivna av glederopi deira.

41Dette høyrde Adonja og alle gjestene hans - dei hadde so vidt enda måltidi. Då Joab høyrde lurlåten, sa han: Korleis hev det seg at det er slikt glam og ståk i byen?

42Ikkje fyrr hadde han sagt det, so kom Jonatan, son åt presten Abjatar, og Adonja sa: Kom hit! Du er ein gild kar og kjem visst med gode tiender.2 Sam 15,27

43Men Jonatan svara: Å nei då! Kong David, herren vår, hev gjort Salomo åt konge.

44Kongen baud at presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason med livvakti skulde fylgja han; so let dei Salomo rida på muldyret åt kongen,

45og presten Sadok og profeten Natan salva han til konge i Gihon. Sidan for dei upp att med glederop, og det vart eit stort uppstyr i byen. Det var glamet de høyrer.

46So sette Salomo seg i kongsstolen,

47og kongsmennene kom og ynskte kong David, herren vår, lukka til og sa: Gjev din Gud vil gjera namnet åt Salomo endå frægare enn ditt namn og kongsstolen hans endå større enn din kongsstol! Då la kongen seg på kne i lega si og tilbad.

48Sidan tala kongen so: Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag hev laga det so at det sit ein i kongsstolen min, so eg hev fenge sjå det med eigne augo.

49Då vart dei reint forstøkte, alle gjestene åt Adonja; dei reis upp og tok ut, og kvar for si leid.

50Adonja reis og upp og gjekk av stad og greip um altarhorni; for han var redd Salomo.

51Då kom det ein og sa til Salomo: Adonja er redd kong Salomo; no hev han gripe um altarhorni og segjer: Kong Salomo lyt sverja meg til i dag at han ikkje vil lata tenaren sin døy for sverdet!

52Salomo svara: Vil han vera ein fagnamann, so skal ikkje eit hår verta skadt på hans hovud; men kjem det upp at han emnar på vondt, skal han døy.

53So sende kong Salomo folk av stad, og dei tok han ned ifrå altaret; so kom han og kasta seg ned for kong Salomo, og Salomo sa til han: Du kann fritt ganga heim til deg sjølv.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help