1Saul hadde då vore konge eitt år. Då han hadde vore konge yver Israel i tvo år,
2valde han seg ut tri tusund mann av Israels-folket; av dei hadde han tvo tusund hjå seg i Mikmas og i Betelfjelli, og eitt tusund var med Jonatan i Gibea i Benjaminsfylket. Alt hitt folket sende han frå seg og let dei fara heim att.
3Jonatan hogg ned filistarvakti i Geba, og filistarane fekk spurt det. Men Saul let luren ljoma yver heile landet og sa: Hebrearane skal høyra det.
4Heile Israel fekk høyra at Saul hadde hogge ned filistarvakti, og at filistarane var arge på Israels-folket for det same. Og folket vart utbode til å fylgja Saul til Gilgal.
5Filistarane samla seg og vilde strida mot Israel; dei hadde tretti tusund vogner og seks tusund hestfolk, og fotfolk so mange som sanden på havsens strand; og dei drog upp og slo læger ved Mikmas, attanfor Bet-Aven.
6Då no Israels-mennene såg kva fåre dei var i, av di filistarane trengde på, då løynde folket seg i hellerar og klungerkjørr og gjel og tårn og brunnar.
7Sume av hebrearane gjekk yver Jordan til Gad- og Gileadlandet; men Saul var enno i Gilgal, og alt folket fylgde han skjelvande.
8Han venta sju dagar - til den tidi Samuel hadde sett, men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreida seg og ganga frå han.1 Sam 10,8
9Då sa Saul: Kom hit til meg med brennofferet og takkofferet! Og so bar han fram brennofferet.
10Men då han vel hadde bore fram brennofferet, då kom Samuel, og Saul gjekk til møtes med han og vilde beda han vera velkomen.
11Då sa Samuel: Kva hev du gjort? Saul svara: Då eg såg at folket tok til å spreida seg og ganga frå meg, og du ikkje kom til den tidi som var sett, og filistarane samla seg ved Mikmas,
12so tenkte eg: No kjem filistarane ned til Gilgal og tek på meg fyrr eg hev fenge blidka Herren, og so våga eg meg til å bera fram brennofferet.
13Då sa Samuel til Saul: Du hev fare uvetugt åt, du hev ikkje lydt det bodet som Herren din Gud la på deg; hadde du gjort det, so hadde Herren no stadfest kongedømet ditt yver Israel for all tid.
14Men no skal kongedømet ditt ikkje standa ved lag; Herren hev leita seg ut ein mann etter sitt hjarta, og han hev Herren etla til fyrste yver folket sitt, av di du ikkje hev lydt det bodet som Herren la på deg.Apg 13,22
15So gjorde Samuel seg reidug og for frå Gilgal upp til Gibea i Benjaminsfylket, og Saul mynstra herfolket han hadde med seg - det var um lag seks hundrad mann.1 Sam 14,2
16So låg då Saul og Jonatan, son hans, I Geba i Benjaminsfylket med det herfolket som var hjå dei, og filistarane hadde lægra seg ved Mikmas.
17Då drog det ein flokk ut frå filistarlægret og skulde herja i landet; han var skift i tri hopar; ein hop tok leidi til Ofra i Sualbygdi,
18ein stemnde til Bet-Horon, og ein tok inn på vegen til den bygdi som ris upp yver Sebo'imdalen, der det ber burtimot øydemarki.
19Den gongen fanst det ingen smed i heile Israelslandet; for filistarane hadde ikkje vilja at hebrearane skulde få gjera seg sverd eller spjot.Dom 5,8
20Difor laut kvar mann i Israel fara ned til filistarane når han vilde få smidd seg plogjarn eller grev eller øksar eller ristlar,
21eller når eggi var skjemd på plogjarni eller grevi eller greipene eller øksane, eller når han skulde få sett på ein pigg.
22Soleis gjekk det til at den dagen då striden stod, fanst det korkje sverd eller spjot hjå nokon av dei folki som var med Saul og Jonatan; Berre Saul og Jonatan hadde slike våpen.
23Filistarane skaut ein av utpostane sine fram til Mikmasskardet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.