2. Tessalonikar 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Paulus helsar dei kristne i Tessalonika, 1.2, takkar Gud for trui, kjærleiken og tolmodet deira. At dei held so trottugt fast ved trui i alle trengslone sine, er eit fyrebod um Guds dom, som skal heimsøkja fiendane og forfylgjarane deira, 3-10. Han bed for deira framgang i kristendomen, 11.12.

1Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane, i Gud, vår Fader og Herren Jesus Kristus:1 Tess 1,1

2Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!1 Kor 1,3

3Me skyldar å takka Gud alltid for dykk, brør, som rett er, for di dykkar tru veks rikleg, og kjærleiken de hev til kvarandre, vert større hjå kvar og ein av dykk alle,2 Tess 2,13; 1 Tess 1,2; Luk 17,5; Kol 2,7

4so at me sjølve rosar oss av dykk i Guds kyrkjelydar for dykkar tolmod og tru i alle dykkar forfylgjingar og dei trengslor som de held ut1 Tess 2,19

5- eit fyrebod um Guds rettferdige dom - so de skal verta funne verdige til Guds rike, det som de og lid for,1 Tess 2,14; Fil 1,28

6so visst som det er rettferdig for Gud å gjeva dei trengsla att som trengjer dykk,

7og gjeva dykk som vert trengde, ro saman med oss, når vår Herre Jesus openberrar seg frå himmelen med sitt veldes englar,Matt 25,31; 1 Tess 4,16; 1 Pet 4,13

8med logande eld, når han tek hemn yver dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje lyder vår Herre Jesu evangelium,2 Pet 3,7

9dei som skal lida refsing, ei æveleg fortaping burte frå Herrens åsyn og frå hans veldes herlegdom,Jes 2,19; Matt 25,41

10når han kjem på den dagen og vil syna seg herleg i sine heilage og underfull i alle dei truande - for vårt vitnemål til dykk vart motteke med tru.Apg 1,11; Kol 3,4; Op 1,7

11Difor bed me og alltid for dykk at vår Gud må finna dykk verdige til kallet og kraftigt fylla dykk med all hug til det gode og verksemd i trui,1 Tess 2,12

12so vår Herre Jesu namn må verta herleggjort i dykk, og de i han, etter vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help