1Amasja var fem og tjuge år gamal då han tok styret, og han sat konge i Jerusalem i ni og tjuge år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.
25Amasja Joasson, Juda-kongen, levde endå femtan år etter at Joas Joakasson, Israels-kongen, var avliden.
26Det som meir er å segja um Amasja, både i hans fyrste og i hans seinare tid, det stend skrive i boki um Juda- og Israels-kongane.
27Frå den tid då Amasja fall ifrå Herren, skipa dei ei samansverjing mot han i Jerusalem. Han rømde til Lakis; men det vart sendt folk etter han, og tok livet av han der.2 Krøn 24,25; 33,24
28So køyrde dei han derifrå med hestar og gravla han hjå federne i Judastaden.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.