2. Kongebok 18 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Esekias, son åt Akas, vert konge i Juda; han ottast Herren og ryd ut avgudsdyrkingi; han segjer seg laus frå assyrarkongen; han slær filistarane, 1-8. I hans tid vert dei ti ættene burtførde; sidan hertek Sankerib alle dei faste byane i Juda og legg på Esekias ei avgift, som han svarar, 9-16. Like vel sender Sankerib Rabsake og nokre andre menner, som eggjar upp folket mot Esekias og spottar Gud; Esekias fær bod um det, 17-37.

1Det var i tridje året av Hosea Elasons kongedøme i Israel at Esekias, son åt Akas, Juda-kongen, vart konge.

18So ropa dei på kongen; då gjekk Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, ut til dei saman med Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren.

19Og Rabsake sa til dei: Seg til Esekias: So segjer storkongen, kongen i Assyria: Kva er det for ei trygd du trøystar deg med?

20Du segjer - men det er berre tome ord -: Her er klokskap og styrke nok til krig. Kven er det då du lit på, sidan du hev sett deg upp imot meg?

21Ja, eg veit nok du set di lit til Egyptarland, den brotne røyrstaven, som sting hol i handi på alle som styd seg på han; soleis er Farao, egyptarkongen, for alle dei som lit på han.Esek 29,6-7

22Men svarar de meg: Det er Herren vår Gud me lit på - var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Esekiel fekk burt, då han sa til Juda og Jerusalem: Framfor dette altaret er det de skal tilbeda, her i Jerusalem?

23Men kom no og gjer eit veddemål med herren min, kongen i Assyria: Eg skal gjeva deg tvo tusund hestar i fall du kann finna ridarar til dei.

24Korleis skulde du då kunna driva attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Difor lit du på Egyptarland og vonar du skal få vogner og hestfolk derifrå.

25Trur du då det er mot Herrens vilje eg hev drege mot denne staden og vil leggja han i øyde? Nei, Herren hev sjølv sagt til meg: Drag ut imot dette landet og legg det i øyde!

26Då sa Eljakim Hilkiasson og Sebna og Joah til Rabsake: Gjer vel og tala til tenarane dine på syrisk! For me skynar det. Tala ikkje til oss på jødisk, so folket som stend på muren, høyrer det!

27Men Rabsake svara: Tru det er til herren din og til deg herren min hev sendt meg for å segja dette? Er det ikkje heller til dei mennene som sit på muren og snart lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn liksom de sjølve?2 Kong 6,25

28So steig han fram og ropa med høg røyst på jødisk: Høyr eit ord av storkongen, kongen i Assyria!

29So segjer kongen: Lat ikkje Esekias få dåra dykk! For han er ikkje god til å berga dykk ut or hendene hans.

30Lat ikkje Esekias få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: Herren vil nok hjelpa oss, og denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.2 Kong 19,10

31Høyr ikkje på Esekias! For so segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg og kom ut til meg, so skal de fritt få eta kvar av sitt vintre og sitt fiketre og drikka vatn kvar or sin brunn,

32til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige land - eit land med korn og druvesaft, med brød og vinhagar, med oljetre og honning, so de kann leva og ikkje tarv døy! Men høyr ikkje på Esekias når han lokkar dykk og segjer: Herren vil berga oss!

33Hev vel nokon av gudane åt hine folki berga sitt land for kongen i Assyria?2 Kong 19,12-13; Jes 10,9-19; 2 Krøn 32,13-19

34Kvar var gudane åt Hamat og Arpad? Kvar var gudane åt Sefarva'im og Hena og Ivva? Berga Samaria-gudane Samaria ut or hendene mine?

35Kven var det av alle gudane kring i landi som berga landet sitt for meg? Skulde so Herren kunna berga Jerusalem ut or hendene mine?

36Folket tagde og svara han ikkje eit ord; for so lydde bodet kongen hadde gjeve: De skal ikkje svara han.

37Men Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren, kom med sundrivne klæde heim til Esekias og bar fram til han ordi hans Rabsake.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help