Apostelgjerningane 21 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Paulus og fylgjet hans fer lenger og kjem til Tyrus, 1-6, til Cesarea, der døtterne åt Filip talar profetord og Agabus spår um bandi åt Paulus, 7-14, og til slutt til Jerusalem, der apostelen vert vel motteken og fortel um det han hev gjort millom heidningane, 15-19. Jakob og dei eldste gjev han for jødane skuld den rådi at han skal taka på seg ein lovnad; Han gjer det. Då lovnadstidi er slutt og han skal ofra i templet, vert han gripen av nokre jødar frå Asia, som fær i stand eit stort upplaup, 20-30; den romerske hovudsmannen friar han ut og gjev han lov til å tala for seg, 31-40.

1Då me hadde rive oss laus frå dei og lagt ut på sjøen, heldt me beine leidi fram til Kos; dagen etter kom me til Rodos, og derifrå til Patara.

2Der fann me eit skip som skulde fara beint yver til Fønikia; det gjekk me um bord i, og la so utpå att.

3Då me fekk timdi av Kypern, heldt me til høgre for øyi. So siglde me til Syria og la åt i Tyrus; for der skulde skipet lossa farmen.

4Me leita upp læresveinane og vart verande der sju dagar. Dei sa til Paulus det som Anden la dei i hugen: at han ikkje skulde fara til Jerusalem.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help