Salmane 53 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David klagar yver den ålmenne vondskapen hjå menneski, 2-4, er viss på at dei ugudlege skal ganga til grunns og dei gudlege sigra, 5.6, og lengtar etter frelsa for Israel frå Sion, 7.

1Til songmeisteren; etter Mahalat; ein salme til lærdom av David. /

2Dåren segjer i sitt hjarta: Det er ingen Gud til. Vonde og styggelege er deira misgjerningar; det er ingen som gjer godt.Sal 14,1-3

3Gud skodar ned frå himmelen på mannsborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.

4Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det finst ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.

5Håttar dei då ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; på Gud kallar dei ikkje.

6Då vart dei storleg redde, dei som ikkje visste av reddhug; for Gud spreider beini av dei som lægrar seg mot deg; du gjer dei til skammar, for Gud hev støytt dei burt.

7Å, gjev det frå Sion må koma frelsa for Israel! Når Gud gjer ende på sitt folks fangetid, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help