Josva 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Etter Herrens ord fer Josva mot Ai att, tek byen og øyder han og drep alt folket der, 1-29. Han byggjer eit altar på Ebal-fjellet, ofrar, skriv lovi på steinar og les upp ordi i lovi, både velsigningi og forbanningi, for lyden, 30-35.

1So sa Herren til Josva: Ottast ikkje og ver ikkje redd! Tak med deg alt stridsfolket, og gjer deg reidug og far upp mot Ai! Sjå, eg hev gjeve Ai-kongen i dine hender, og folket og byen og landet hans,5 Mos 7,18; 20,3-4; 31,6-8

2og du skal fara like eins med Ai og kongen der som du for med Jeriko og den kongen; men herfanget og bufeet, det kann de eigna til dykk. Lat nokre av folki dine leggja seg i løynlega på vestsida av byen!Jos 6,21

3Då gjorde Josva seg reidug til å fara upp mot Ai med heile heren. Han valde ut tretti tusund mann, djerve stridsmenner; dei sende han av stad um natti

4og sa til dei: Høyr her: no skal de leggja dykk i løynlega på vestsida av byen, ikkje svært langt ifrå han, og halda dykk reiduge alle saman.

5Men eg og alt folket som er med meg, me vil ganga tett innåt byen, og når dei fer ut imot oss som dei gjorde fyrre gongen, so skal me låst røma for dei.Jos 7,5

6Då kjem dei til å setja etter oss, til me hev fenge lokka dei burt ifrå byen; for dei tenkjer med seg: Dei rømer for oss no liksom fyrre gongen. Men medan me rømer,

7skal de koma fram or løynlega og taka byen; for no vil Herren dykkar Gud gjeva han i hendene dykkar.

8Og når de hev teke byen, skal de setja eld på han; de skal gjera etter Herrens ord. No hev de høyrt kva det er de skal gjera.

9So sende Josva dei i veg, og dei gjekk av og fann seg ein løynstad, og der la dei seg til; det var millom Betel og Ai, vestanfor Ai. Men sjølv var Josva hjå folket den natti.

10Morgonen etter reis Josva tidleg upp og mynstra heren og for so saman med styresmennene i Israel fyre heren upp til Ai;

11og alt stridsfolket som var med han, tok i vegen og gjekk fram til dei kom midt for Ai; der lægra dei seg, nordanfor byen, so dalen var millom den og dei.

12So tok Josva um lag fem tusund mann og la dei i løynlega millom Betel og Ai, vestanfor Ai.

13Og då dei hadde fylkt heren, både den som lægra nordanfor byen, og den flokken som låg i løynlega vestanfor byen, for Josva same natti midt ned i dalen.

14Då kongen i Ai såg det, skunda han seg ut tidleg um morgonen, både han og bymennene, alt herfolket hans, og vilde møta israelitane og stridast med dei på den staden dei hadde avtala, framanfor moen; men han visste ikkje at det låg so mykje folk og lurde på han vestanfor byen.

15Og Josva og heile Israel lest tapa for dei og rømde burtimot øydemarki.

16Då vart alt folket i byen utbode til å setja etter dei, og medan dei sette etter Josva, kom dei lenger og lenger burt ifrå byen;

17det fanst ikkje ein mann, korkje i Ai eller Betel, utan han drog ut etter israelitane; dei let byen liggja open etter seg og elte Israel.

18Då sa Herren til Josva: Rett spjotet som du held i handi, ut imot Ai! For eg vil gjeva byen i dine hender! So rette Josva spjotet sitt ut imot byen.

19Og med same han rette ut handi, sprang dei fram dei som låg løynde, og for inn i byen og tok han, og dei sette eld på han det snøggaste dei vann.

20Best som no Ai-mennene snudde seg og skoda attende, vart dei vare røyken som steig til vers ifrå byen; då såg dei seg ingi råd til å koma undan, korkje til ei sida eller onnor, av di den heren som hadde rømt åt øydemarki, den vende seg no um imot fienden.

21For då Josva og israelitane såg at dei frå løynlega hadde teke byen, og såg røyken stiga upp, då snudde dei um og tok på Ai-mennene;

22og dei hine for til møtes med dei frå byen, so Ai-mennene kom midt imillom Israelitane og fekk dei kring seg på alle sidor. Soleis vart dei nedhogne til siste mann; ingen vart att eller slapp undan,

23so nær som kongen; honom tok dei levande og førde han til Josva.

24Då Israel hadde gjort det av med alle dei Ai-buane som hadde sett etter dei ut i øydemarki, og fiendane alle som ein var falne for sverdet, so vende heile Israel att til Ai og hogg ned alle som var der.

25Den dagen fall det i alt tolv tusund menner og kvinnor, alt folket som åtte heime i Ai.

26Josva tok ikkje til seg att handi som han heldt spjotet i, fyrr han hadde bannstøytt alle Ai-buane.2 Mos 17,11-16

27Men bufeet og herfanget som Israelitane tok der i byen, eigna dei til seg, etter det som Herren hadde sagt til Josva.Jos 8,2

28Josva brende upp byen og gjorde han for alle tider til ein grushaug og ein øydestad, so som han hev vore til denne dag.

29Kongen der hengde han upp på eit tre, og der vart han hangande til kvelds; men då soli gladde, let han dei taka liket ned frå treet; so kasta dei det der, utfor byporten, og hauga i hop ei stor steinrøys yver det; den hev lege der alt til denne dag.5 Mos 21,22-23; Jos 10,27

30Den gongen bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebalfjellet,

31soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt Israels-borni fyre, etter det som stend skrive i lovboki åt Moses, eit altar av heile steinar, som det ikkje hadde vore bruka jarn på; der ofra dei brennoffer til Herren og slakta takkoffer.2 Mos 20,25; 5 Mos 27,5

32Og på steinane sette han ei avskrift av den lovi som Moses hadde skrive for augo åt Israels-borni.5 Mos 27,2-8; 31,9

33Og heile Israel, både sjølve folket og dei framande, med styresmennene og tilsynsmennene og domarane sine, stod på båe sidor av paktkista, midt imot Levi-prestane som bar Herrens kista, den eine helvti uppunder Garisimfjellet og den andre helvti uppunder Ebalfjellet, soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt at det skulde vera når Israels-folket fekk velsigningi.5 Mos 11,29; 27,12-26

34So las han upp alle ordi i lovi, både velsigningi og forbanningi, heiltupp soleis som det stend skrive i lovboki.5 Mos 28,1-2.15-16

35Det fanst ikkje eit ord av alt det Moses hadde sagt fyre, utan Josva las det upp for heile Israels-lyden med både kvinnor og born, og for dei framande som fylgdest med dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help