Salmane 101 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David vil prisa Herrens miskunn og rettferd, 1; i si eigi åtferd vil han akta seg for alt vondt, 2-4, og når han vel tenarar, vil han berre leita etter dei ulastande; dei ugudlege vil han rydja ut både or sitt hus og or sitt land, 5-8.

1Av David; ein salme. / Um miskunn og rett vil eg syngja; deg, Herre, vil eg lova.Sal 89,2; 92,2-3

2Eg vil akta på vegen den ulastande gjeng - når kjem du til meg? Eg vil ferdast i mitt hjartans uskyld i mitt hus.

3Eg vil ikkje setja meg fyre noko nidingsverk; å gjera misgjerd hatar eg, slikt skal ikkje hanga ved meg.

4Eit rangsnutt hjarta skal vika frå meg, den vonde vil eg ikkje vita av.

5Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; den som hev stolte augo og eit ovmodigt hjarta, kann eg ikkje tola.Sal 15,3; Ordt 21,4

6Mine augo ser etter dei gudlege i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som ferdast på vegen åt den ulastande, han skal tena meg.

7I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine.

8Kvar morgon vil eg tyna alle ugudlege i landet, so eg kann rydja ut or Herrens by alle ugjerningsmenner.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help