1. Peter 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Korleis ektefolk skal vera mot kvarandre, og kva kvinnone må halda for sin rette prydnad, um dei skal kunna leva etter Guds vilje i ekteskapet, 1-7. Dei kristne skal leggja vinn på å skikka seg vel mot alle menneske, serleg mot sine heidne motstandarar; med dette vinn dei Guds velsigning, og det er beste rådi til å døyva hatet frå fiendane, 8-13. Dei skal ikkje vera redde fiendane sine, men alltid vera budde til å svara for seg med god samvit, 14-16. For det er betre å lida når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt; gjer dei det gode, skal dei få ei frelsa frå den levandegjorde Kristus, som alt hev teke til med si frelsegjerning i dei ved dåpen; men gjer dei det som vondt er, lyt dei venta same domen frå Herren som han hev heimsøkt dei ugudlege frå Noahs tid med, 17-22.
1Like eins de konor: De skal vera dykkar eigne menn undergjevne, so endå slike som ikkje trur ordet, må verta vunne utan ord ved den ferd konone deira syner,