1Difor lyt me so mykje meir akta på det me hev høyrt, so me ikkje skal driva burt ifrå det.
2For dersom det ordet som var tala ved englar, stod fast, og kvar misgjerd og ulydnad fekk si rettferdige løn,Apg 7,53; Gal 3,19; 5 Mos 27,26
3kor skal då me sleppa undan um me ikkje vyrder so stor ei frelsa? - den som fyrst vart forkynt ved Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han,Hebr 10,29; 12,25; Mark 1,14-15; Luk 1,2
4med di Gud vitna med, både ved teikn og under og ymse kraftige verk og tildeling av den Heilage Ande etter sin vilje.Apg 2,22; 14,3; 1 Kor 12,11
5For det var ikkje under englar han la den komande verdi, som me talar um.
6Men ein hev vitna ein stad og sagt: Kva er eit menneske, at du kjem han i hug, eller ein menneskeson, at du ser til han?Sal 8,5-10
7Du gjorde han lite lægre enn englane; med herlegdom og æra krynte du han, og sette han yver dei verk dine hender gjorde;Ef 1,21
8alle ting la du under hans føter. For då han la alle ting under han, so tok han ingen ting undan som ikkje er han underlagd; men no ser me endå ikkje at alle ting er han underlagde;Hebr 10,13
9men den som var gjord lite lægre enn englane, Jesus, han ser me, av di han leid dauden, krynt med herlegdom og æra, so han ved Guds nåde skulde smaka dauden for alle.Fil 2,8-9; 1 Joh 2,2
10For det sømde seg han som alt er til for, og som alt er til ved, då han førde mange born til herlegdom, å fullenda frelse-hovdingen deira gjenom lidingar.Joh 1,3; Rom 11,36; Luk 24,26; Apg 3,15; 5,31
11For både den som helgar, og dei som vert helga, er alle av ein; difor skjemmest han ikkje ved å kalla dei brør,Hebr 13,12; Joh 17,19; Matt 12,50; Joh 20,17
12når han segjer: Eg vil kunngjera ditt namn for mine brør, midt i lyden vil eg lovsyngja deg.Sal 22,23.26
13Og atter: Eg vil setja mi lit til han. Og atter: Sjå, her er eg og dei born Gud hev gjeve meg.Jes 8,17-18; Joh 10,29; 17,6.9
14Etter di no borni hev lut i blod og kjøt, so fekk han og like eins lut i det, so han ved dauden kunne gjera den til inkjes som hadde daudens velde, det er djevelen,Joh 1,14; Jes 25,8; Hos 13,14; 2 Tim 1,10
15og fria ut alle dei som av redsla for dauden var i trældom all si livstid.Luk 1,74; Rom 8,15
16For englar han tek seg ikkje av, men Abrahams ætt tek han seg av;
17difor laut han verta brørne sine lik i alle ting, so han kunde verta ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud til å gjera soning for syndene åt folket.Hebr 4,15-16; 5,1-2
18For av di han sjølv hev lide og vorte freista, so kann han koma dei til hjelp som vert freista.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.