1og eg stod og ved hans sida til hjelp og vern det fyrste året medaren Darius styrde.
2Og no vil eg kunngjera deg det som er visst og sant og skal henda: Endå skal det standa fram tri kongar i Persia, og den fjorde skal samla seg større rikdom enn nokon av dei andre, og han hev vunne seg stor makt med rikdomen sin, skal han bjoda ut alt mot Grekarlandsriket.
3So skal det standa fram ein veldig konge, og han skal rikja med stor makt og gjera som han vil.
4Men han skal ikkje for vel vera komen, fyrr riket hans skal rivna og verta sundbytt etter dei fire himmelættene; det skal ikkje falla etterkomarane hans til og ikkje vera so mektig som det var då han rådde; for riket skal verta øydelagt og andre til enn dei.
6Mange år etter skal dei gjera samband seg imillom; dotter åt Sudlands-kongen skal koma til kongen i Norderlandet og freista å få dei forlikte; men ho skal ikkje greida det, og korkje han eller dotteri som skulde hjelpa han, skal standa seg, men ho og dei som førde henne dit, og far hennar og han som tok henne til seg, skal missa livet på den tidi som er sett for kvar einskild av dei.
7Men ein av renningane frå hennar røter skal stiga upp i hans stad; og han skal fara imot fiendeheren og brjota seg inn i borgen åt kongen i Norderlandet og gjera med dei som han vil, og hava yvermakti.
8Jamvel gudane deira med dei støypte bileti deira og dei dyre eignelutane deira av sylv og gull skal han føra burt til Egyptarland; sidan skal han i nokre år lata kongen i Norderlandet få vera i fred.
9So skal kongen i Norderlandet draga imot riket åt Sudlands-kongen; men han lyt snu heim att til landet sitt.
10Og sønene hans skal bu seg til strid og samla ein veldig her, som skal falla inn i landet og fløyma utyver og breida seg ut; so skal han koma att, og striden skal dei føra radt fram til borgi hans.
11Då skal kongen i Sudlandet verta harm og fara i herferd mot kongen i Norderlandet; han skal fylka ein stor her, men heren skal verta gjeven i hans hender.
12Når so denne heren er sprengd, aukar ovmodet hans; men um han so hev felt ti tusund, fær han ikkje yvermakti like vel.
13Kongen i Norderlandet skal fylka ein ny her, endå større enn den fyrste; og når nokre år er lidne, skal han koma med ein stor her og stort tren.
14Og i dei tider skal mange reisa seg mot kongen i Sudlandet, og valdsmenner i ditt eige folk skal og reisa seg, so syni sannar seg; men dei skal falla.
15Og kongen i Norderlandet skal koma og kasta upp vollar og taka ein borgby, og makti åt Sudlandet skal ikkje kunna standa seg, og jamvel det utvalde mannskapet hans eig ikkje makt til motstand.
16Han som gjeng imot han, skal fara åt som han vil, og ingen skal kunna standa seg imot han; han skal setja seg fast i det fagre landet, og øyding skal han valda der han kjem.
17Han skal etla seg til å koma med heile makti i riket sitt; like vel er huga på semja, og den skal han og få til; og ei kvinna, si eigi dotter skal han gjeva til kona, til ulukka for landet; men det skal ikkje verta av og ikkje lukkast for han. /
18So skal han snu seg mot øylandi og taka mange; men ein herførar skal gjera ende på svivyrdingi hans, ja, lata svivyrdingi hans koma att yver han sjølv.
19Då skal han snu seg mot borgane i sitt eige land; men han snåvar og dett og er ikkje til lenger.
21I hans stad skal det standa fram ein stakkar, som dei ikkje hev etla kongedøme åt; men han kjem uventande og eignar til seg kongedømet med list og svik.
22Dei yverfløymde herane skal skolast burt framfor han og krasast, og sambandsfyrsten like eins;
23for etter at han hev gjort samband med han, skal han fara med svik; han skal draga ut og få yvermakti med lite folk.
24Uventande skal han koma inn i dei grøderikaste bygder i landet og gjera ting som korkje federne hans eller deira federne åt federne hev gjort; herfang og ran og gods skal han strå ut til folket sitt, og mot faste byar skal han leggja upp meinråder, og det skal vara ei tid.
25All si makt og alt sitt mod skal han bruka mot Sudlands-kongen og koma med ein stor her; men Sudlands-kongen skal og bu seg til strid med ein ovleg stor og mannsterk her; like vel skal han kann ikkje kunna standa seg, for det vert lagt meinråder mot han.
26Dei som et ved hans bord, skal fella han; heren hans skal koma veltande, og det skal verta eit stort mannefallet.
28Han skal fara heim att til landet sitt med stort herfang, og han skal leggja upp råder mot den heilage pakti; og når han hev sett dei i verk, skal han fara heim att til landet sitt. /
29Til fastsett tid skal han fara imot Sudlandet att; men det skal ikkje ganga denne gongen som det gjekk gongen fyrr;
30for skip frå Kittim skal koma imot han, og han skal missa modet og snu um og sleppa sinnet sitt laust yver den heilage pakti; so skal han snu um og merka seg dei som vender seg ifrå den heilage pakti.
31Og herar som han sender ut, skal koma og vanhelga heilagdomen, den faste borgi, og taka burt det daglege offeret og setja upp den øydande styggedomen.
32Dei som syndar mot pakti, skal han gjera til heidningar med håle ord; men dei av folket som kjenner sin Gud, skal standa stødige og halda ut.
33Dei vituge i folket skal læra dei mange; men dei skal verta heimsøkte ei tid med sverd og bål, med fangekår og herjing.
38Men borgguden skal han æra i staden; ein gud som federne hans ikkje hev kjent, skal han æra med gull og sylv og dyre steinar og andre kostnadting;
39og so skal han gjera med dei sterke borgene og med den framande guden: Dei som kjennest ved denne guden, skal han syna stor æra; han skal setja dei til å råda yver mange, og han skal skifta ut jord åt dei til løn.
40Men i endetidi skal det verta ufred millom kongen i Sudlandet og han, og kongen i Norderlandet skal storma fram mot han med vogner og hestfolk og mange skip og falla inn i landi og fløyma utyver og breida seg ut.
41Han skal og falla inn i det fagre landet, og store skarar skal falla; men desse skal koma seg undan makti hans: Edom og Moab og dei gjævaste av Ammons-borni.Dan 8,9; 11,16
42Og han skal retta handi ut mot andre land, og Egyptarland skal sleppa undan.
43Han skal eigna til seg skattane av gull og sylv og alle slag kostnadting i Egyptarland, og libyarar og etiopar skal vera i fylgjet hans.
44Men tidender frå aust og nord skal støkkja han, og han skal draga ut i stor vreide til å øyda og tyna mange.
45Han skal setja upp slottstjeldi sine millom havet og det fagre heilagdomsfjellet; men so ber det til enden med han, og ingen hjelper han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.