1Høyr, visdomsmøyi ropar, og vitet les røysti si ljoma.Ordt 1,21
2Uppe på haugar ved vegen, der stigane møtest, stend ho;
3attmed portane, der ein gjeng ut or byen, i inngangen til portane ropar ho høgt:
4Eg ropar til dykk, de menner, og til mannsborni ljomar mi røyst.
5De einfalde, lær dykk klokskap, og de dårar, vinn dykk vit!Ordt 1,4
6Høyr! Eg talar um store ting, og lippone let eg upp med rettvise ord;
7ja, sanning talar mi tunga, og lippone styggjest ved gudløysa.Sal 45,8
8Alle ord i min munn er rette, det finst ikkje fult eller falskt i dei.Jes 53,9; Joh 8,46; 1 Pet 2,22
9Dei er alle endeframme for den vituge og rette for dei som hev funne kunnskap.
10Tak imot min age i staden for sylv, og kunnskap heller enn utvalt gull!Ordt 3,14; 16,16
11For visdom er betre enn perlor, og av alle skattar er ingen som den.Ordt 3,15
12Eg, visdomen, eig klokskap, og eg veit å finna kloke råder.
13Otte for Herren er hat til det vonde; stormod og storlæte, stygg åtferd og ein munn full av fals hatar eg.Ordt 16,6
14Hjå meg er råd og rett skyn, eg er vit, hjå meg er styrke.
15Eg gjer at kongar råder, og at fyrstar set lov og rett.
16Eg gjer at styrarar styrer og hovdingar - alle domarar på jordi.
17Eg elskar dei som elskar meg, og dei som leitar etter meg, dei finn meg.Joh 14,21
18Hjå meg er rikdom og æra, gamalt ervegods og rettferd.Ordt 22,4
19Mi frukt er betre enn gull, ja skiraste gullet, og den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sylv.Ordt 3,14
20Eg gjeng på rettferds veg, midt på rettvise-stigar;
21difor gjev eg dei som elskar meg, rett rikdom til arv, og deira forrådskammer fyller eg.
22Meg skapte Herren fyrst av alle sine verk, fordom, fyrr han gjorde noko anna.
23Frå æva hev eg vorte til, frå upphavet, fyrr jordi var.
24Fyrr djupi var til, vart eg fødd, fyrr det fanst kjeldor fulle med vatn.
25Fyrr fjelli var søkkte ned, fyrr haugane vart til, vart eg fødd,Job 38,6; Sal 90,2; Jes 43,13
26fyrr han hadde skapt jord og mark og den fyrste moldklump i verdi.
27Då han bygde himmelen, var eg der, då han slo kvelv yver djupet.
28Då han feste skyene i det høge, då han batt kjeldone i djupet,Job 26,8; 1 Mos 7,11
29då han sette grensa for havet, so vatnet ikkje gjeng lenger enn han byd, då han la grunnvollar for jordi -Job 38,10-11; Sal 104,9
30då var eg verksmeister hjå han, og eg var til hugnad for han dag etter dag, eg leika meg stødt for hans åsyn;
31eg leika på heile jordkringen hans og hadde min hugnad i mannsborni.
32Og no, born, høyr på meg! Sæle er dei som held seg etter mine vegar.Luk 11,28
33Høyr på mi refsing og vert vise, og slepp henne ikkje ifrå dykk!
34Sæl den mann som høyrer på meg, so han dagstødt vaker ved dørene mine og vaktar dørskiene mine!
35For den som finn meg, finn livet og fær nåde hjå Herren.Ordt 3,16; 12,2
36Men den som ikkje finn meg, skader seg sjølv; alle som hatar meg, elskar dauden.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.