Jeremia 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
For si stendige gudløysa skal Jerusalem verta øydelagt so framt det ikkje vender um, 1-8. Ingen vil høyra på åtvaringane frå profeten; difor kann han ikkje halda att den forkynningi at Herrens vreidedom skal koma yver alle utan skilnad, av di alle, allvisst lærarane åt folket, som narrar det med si falske fredsforkynning, er vonde til grunns, 9-15. Folket hev vist frå seg alle formaningar til å ferdast på vegen åt federne og akta på røysti åt profeten; difor skal den straffedomen som er varsla, og som offeri ikkje kann avvenda, koma yver det, 16-21. Eit illhardt folk nordantil skal setja han i verk og fylla landet med sorg og fæla, 22-26. Arbeidet åt profeten hev berre synt at folket er ukyndt alt igjenom; difor skal det verta vanda, 27-30.
1Fly, de Benjamins-born, ut or Jerusalem, og blås i her-lur i Tekoa, og reis upp eit merke yver Bet-Hakkerem! For ei ulukka trugar nordantil med stor øydeleggjing.
10Kven skal eg tala til og vitna for, so dei høyrer? Sjå, øyra deira er u-umskore, so dei ikkje kann gjeva gaum; sjå, Herrens ord hev vorte til spott bland dei, dei likar det ikkje;
12og husi deira skal koma i annan manns eige, deira jorder og konor like eins; for eg vil retta ut mi hand mot dei som bur i landet, segjer Herren.