1Då det leid åt med David, tala han so til Salomo, son sin:
2No fer eg snart den vegen som alt her på jordi lyt fara. Men ver du sterk, og syn du er ein mann!
33Blodet deira skal koma att på hovudet åt Joab og etterkomarane hans i all æva. Men David og etterkomarane hans og huset og kongsstolen hans skal Herren lata det ganga vel i all æva.2 Sam 3,29; 1 Mos 9,6
34So gjekk Benaja Jojadason upp og gav Joab banehogg, og han vart jorda i heimen sin i øydemarki.
35Kongen sette Benaja Jojadason yver heren i hans stad, og i romet etter Abjatar sette han presten Sadok.1 Kong 4,4; 1 Sam 2,35; 1 Krøn 29,22
36Sidan sende kongen bod etter Sime'i og sa til han: Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og ikkje fara burt derifrå, korkje ein stad eller annan.
37For det skal du vita for visst, at den dagen du tek ut og gjeng yver Kidronsbekken, skal du døy, og blodet ditt kjem på ditt eige hovud.
38Sime'i svara: Det er godt og vel, tenaren din skal gjera som du hev sagt, herre konge. Sidan budde Sime'i lenge i Jerusalem;
39men då tri år var lidne, hende det at tvo av trælane hans rømde til Akis Ma'akason, kongen i Gat. Då so folk kom og sa til Sime'i: Veit du at trælane dine er i Gat?1 Sam 27,2
40gjorde han seg reidug og sala asnet sitt og for til Gat, til Akis, og vilde leita etter dei; Sime'i for då dit og henta båe trælane sine heim att frå Gat.
41Salomo fekk vita Sime'i hadde fare frå Jerusalem til Gat og var komen heim att;
42då sende kongen bod etter Sime'i og sa til han: Hev eg ikkje svore ved Herren og vitna for deg og sagt: Det skal du vita for visst at den dag du tek ut og fer einkvar stad av, skal du døy? Og du svara: Det er godt og vel; eg hev høyrt det.
43Kvifor hev du då ikkje halde deg etter den eiden som var svoren ved Herren, og det bodet eg gav deg?
44Og kongen heldt fram og sa: Du veit sjølv kor mykje vondt du hev gjort David, far min; hjarta ditt minnar deg um det. No let Herren vondskapen din koma att på ditt eige hovud.2 Sam 16,5-6; Sal 54,7; 62,13
45Men kong Salomo skal vera velsigna, og Davids kongsstol skal standa stødt for Herrens åsyn i all æva.
46So gav kongen fyresegn til Benaja Jojadason, og han gjekk ut og gav Sime'i banehogg. Sidan hadde Salomo kongedømet trygt og fast i si hand.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.