Salmane 25 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David bed Gud laga det so at han ikkje vert til skammar for fiendane for skuld syndene sine, at han i nåde vil tilgjeva han, leida han på alle hans vegar, hjelpa han i all hans naud og frelsa Israel, 1-22.

1Av David. / Herre, til deg lyfter eg mi sjel.

2Min Gud, til deg hev eg sett mi lit; lat meg ikkje verta til skammar, lat ikkje mine fiendar gilda seg yver meg!

3Ja, ingen av dei som ventar på deg, skal verta til skammar; men dei skal verta til skammar som utan årsak bryt si tru.

18Sjå min armodsdom og mi møda, og forlat meg alle mine synder!

19Sjå mine fiendar, dei er mange, og dei hatar meg med rettlaust hat.

20Vara mi sjel og berga meg, lat meg ikkje verta til skammar! for eg flyr til deg.

21Lat uskyld og ærlegdom verja meg! for eg ventar på deg.

22Å Gud, løys Israel ut or alle sine trengslor!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help