Josva 20 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren tek uppatt lovi um dei seks fredstadene for dråpsmenner, 1-6. Desse fredstadene vert upprekna, 7-9.

1Og Herren tala til Josva og sa:

2Seg til Israels-borni at dei skal gjeva frå seg dei fredstadene som eg hadde Moses til å tala til dykk um,

3so den som av vanvare og uviljande hev drepe eit menneske, kann få røma dit; desse byane skal vera dykk til ei trygd for dråpsmannen, når han rømer for blodhemnaren.4 Mos 35,6-15

4Dråpsmannen skal røma til ein av dei; han skal stiga fram i byporten og tala si sak for styresmennene i byen, og dei skal taka vel imot han og gjeva han ein bustad hjå seg.

5Når so blodhemnaren kjem etter, skal dei ikkje lata han få tak i dråpsmannen, etter di det er uviljande han hev drepe ein mann, og han ikkje bar hat til han frå fyrr.

6Han skal bu der i byen til han hev stade fram for lyden og fenge sin dom, og so til den øvstepresten som då lever, er avliden; då kann dråpsmannen fara heim att til sin eigen by og til huset sitt, til den byen han laut røma ifrå.4 Mos 35,12.24-25

7Då helga dei desse byane til fredstader: Kedes i Galilea i Naftalifjelli og Sikem i Efra'imsfjelli og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Judafjelli.

8Og austanfor Jordan, som renn frammed Jeriko, gav dei desse: i Rubensfylket: Beser i øydemarki, på sletta; i Gadsfylket: Ramot i Gilead; i Manassefylket: Galon i Basan.5 Mos 4,41-43

9Dette var dei byane som vart kåra til fredstader åt alle Israels-borni og åt dei framande som heldt til hjå dei, so den som av vanvare drep eit menneske, kann få røma dit og ikkje skal døy for hemnarhand, fyrr han hev stade til doms for lyden.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help