2. Kongebok 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren vil taka Elias burt i ein storm; Elisa vil ikkje skilja lag med han; Elias fær vatnet i Jordan til å kløyva seg, og dei gjeng yver, 1-8. Elisa bed at han må få ein dobbel lut av Elias' ånd; Elias vert henta upp til himmelen i ei eldvogn med eldhestar fyre; Elisa tek upp kappa hans og kløyver Jordan-vatnet med henne, 9-14. Profetsveinane i Jeriko vil plent leita etter Elias, men finn han ikkje, 15-18. Elisa gjer vatnet i Jeriko godt; gutane i Betel hæder han; 42 gutar vert ihelrivne av bjørnar, 19-25.

1Den gongen Herren vilde taka Elias upp til himmelen i ein storm, bar det so til at Elias og Elisa for saman frå Gilgal.

2Elias sa til Elisa: Kjære deg, ver att her! For Herren hev sagt at eg skal fara radt til Betel. Men Elisa svara: So vist som Herren lever, og so vist som du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg. So for dei ned til Betel.

3Profetsveinane i Betel kom ut imot Elisa og sa til han: Veit du det at Herren i dag vil taka meisteren din ifrå deg beint yver hovudet på deg? Han svara: Ja, eg veit det; berre teg dykk!

4Sidan sa Elias til han: Gjer vel og ver att her, Elisa! For Herren segjer eg skal fara til Jeriko. Men han svara: So visst som Herren lever, og so visst som du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg. Då dei kom til Jeriko,

5kom profetsveinane som var der, burt åt Elisa og sa til han: Veit du det at Herren i dag vil taka meisteren din ifrå deg beint yver hovudet på deg? Han svara: Ja, eg veit det; berre teg dykk!

6Sidan sa Elias til han: Kjære deg, ver att her! For Herren segjer eg skal fara til Jordan. Men han svara: So visst som Herren lever, og so visst som du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg. So gjekk dei i vegen att båe tvo.

7Femti av profetsveinane gjekk med, men vart standande eit godt stykke ifrå då hine tvo stanna nedmed Jordan.

8Elias tok kappa si og balla henne i hop og slo på vatnet. Då kløyvde det seg i tvo, so dei tvo profetane kunde ganga yver på turre botnen.

10Elias sa: Det er ein stor ting du bed um; men ser du meg i det belet eg vert teken burt frå deg, skal det vera som du vil, elles ikkje.

11Som dei no gjekk burtetter og tala med kvarandre, kom det brått ei eldvogn med eldhestar fyre og skilde dei åt, og Elias for i stormveret upp til himmelen.1 Mos 5,24

12Elisa såg det og ropa: Å far, far, du som var Israels vogner og riddarar! Då han ikkje såg han meir, tok han fat i klædi sine og reiv dei i tvo stykke.2 Kong 13,14

13So tok han upp kappa åt Elias - ho hadde falle av han - og gjekk attende til Jordan og stansa ikkje fyrr han stod på elvebakken.1 Kong 19,19

14Der tok han kappa hans Elias - den som hadde falle av han - og slo på vatnet og sa: Kvar er Herren, Elias' Gud? Soleis slo Elias og på vatnet, so det kløyvde seg i tvo, og han gjekk yver.2 Kong 2,8

15Det såg profetsveinane frå Jeriko der dei stod, eit stykke ifrå. Då sa dei: Åndi åt Elias kviler yver Elisa. Og dei kom til møtes med han og bøygde seg til jordi for han.

16So sa dei til han: Høyr her! Det er femti sterke karar her hjå tenarane dine; lat dei få ganga i veg å leita etter meisteren din! Kann henda Herrens Ande hev ført han burt og slept han ned einkvar staden - på eit fjell eller på ein dal. Han svara: De skal ikkje senda nokon i veg.

17Men dei naudbad han so lenge til han vart leid det og sa: Ja, so send dei då! Då sende dei femti mann i veg, og dei leita i tri dagar, men fann han ikkje.

18Då dei so kom attende til Elisa, - han var endå i Jeriko - sa han til dei: Var det ikkje det eg sa dykk at de ikkje skulde taka i veg?

19Folket der i byen kom og sa til Elisa: Høyr på oss herre! Byen ligg lageleg til som du ser; men vatnet er vondt, og landet er plaga med fosterskot.2 Mos 15,23-27

20Då sa han: Henta meg ei ny skål og hav salt i henne! Då dei det hadde gjort,

21gjekk han ut til kjelda som vatnet kom utor, og kasta salt nedi og sa: So segjer Herren: No hev eg gjort dette vatnet godt; det skal ikkje tidare valda daude eller fosterskot.

22Då vart vatnet godt og hev so vore til denne dag - det sanna seg det som Elisa hadde sagt.

23So for han derifrå upp til Betel. Medan han gjekk uppetter vegen, kom det nokre smågutar ut or byen. Dei gav seg til å spotta han og ropa: Kom hit, din snauskalle! Kom hit, din snauskalle!

24Han såg attum seg, og då han vart var dei, lyste han forbanning yver dei i Herrens namn. Då kom tvo binnor ut or skogen og reiv i hel tvo og fyrti av borni.

25Derifrå gjekk han til Karmelfjellet og so attende til Samaria.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help