1Na'aman, herhovdingen åt kongen i Syria, hadde mykje å segja hjå herren sin, og alle hadde stor vyrdnad for han; for det var medan han gjekk fyre syrarane i striden, at Herren hadde gjeve dei siger. Han var er stor stridskjempa, den mannen, men var spillsjuk.
2No hadde syrarane på ei av herjeferdene sine herteke ei liti gjenta frå Israelslandet, og ho tente no åt kona åt Na'aman.
3Ein dag sa ho til matmor si: Berre husbonden min var hjå profeten i Samaria, so skulde han snart gjera han god att av spillsykja!
4Na'aman gjekk inn til herren sin og fortalde det og sa: So og so hev ho sagt - ho frå Israelslandet.
5Då sa syrarkongen: Far du dit! Eg skal senda eit brev til Israels-kongen. So for han i veg og tok med seg ti talent sylv og seks tusund sekel gull og ti festklædningar.
6Han bar brevet fram til Israels-kongen. Der stod: Når du no fær dette brevet, ser du at eg hev sendt Na'aman, tenaren min, til deg, so du skal gjera han god att av spillsykja hans.
7Då Israels-kongen hadde lese brevet hans, reiv han sund klædi sine og sa: Er eg Gud so eg kann råda yver daude og liv, sidan han sender bod til meg og vil eg skal gjera ein mann god att av spillsykja? Skynar de ikkje no kva han vil? Ser de ikkje at han leitar etter eit høve til å yppa strid med meg?
19Elisa svara: Far i fred! So for han av garde. Men då han var komen eit stykke på vegen,
20tenkte Gehasi, sveinen åt gudsmannen Elisa: Sjå no hev meistaren min spart denne syndaren - denne Na'aman - og ikkje teke imot det som han kom med! So visst som Herren lever, eg vil springa etter han og få eitkvart av han!
21So rende han etter Na'aman, og då Na'aman såg ein koma springande etter han, steig han snøgt ned or vogni og gjekk imot han og sa: Kva er tids?
22Han svara: Ikkje anna enn at meisteren min hev sendt meg i veg og bede meg segja at rett no kom det tvo unge profetsveinar til han frå Efra'imsfjelli - um du vilde gjera so vel og gjeva dei eit talent sylv og tvo festklædningar!
23Na'aman svara: Gjer vel og tak tvo talent! Han nøydde han, og so knytte han tvo talent sylv inn i tvo pungar og tok tvo festklædningar og let tvo av sveinane sine bera det fyre han.
24Men då han kom til bakken, tok han det or hendene deira og gøymde det i huset. So bad han farvel med karane, og dei for sin veg.
25Sjølv gjekk han inn og tedde seg for meisteren sin. Elisa spurde: Kvar kjem du ifrå, Gehasi? Han svara: Eg hev ikkje vore nokon stad, meister.
26Då sa Elisa: Men eg var der i åndi då mannen vende um frå vogni si og gjekk til møtes med deg. Er det no tid å taka imot sylv og få seg klæde og oljetre og vinhagar og småfe og drenger og tenestgjentor?
27Difor skal spillsykja åt Na'aman hanga med deg og ætti di i all æva. So gjekk sveinen ut frå han, so full av spillsykja at han var snøkvit.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.