2. Krønikebok 28 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Akas vert konge; han er gudlaus og dyrkar avgudar, 1-4. Herren gjev han og folket hans i hendene på syrarane og israelitane; israelitane dreg av med mange fangar, men slepper dei frå seg att, 5-15. Akas bed assyrarkongen um hjelp; edomitane og filistarane herjar på landet hans, og assyrarkongen tek på han i staden for å hjelpa han, men Akas vert berre endå meir gudlaus; han døyr, 16-27.
1Akas var tjuge år gamal då han tok styret, og han sat sekstan år konge i Jerusalem. Han gjorde ikkje det som rett var i Herrens augo, soleis som David, ættefar hans,