4. Mosebok 20 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Israels-borni kjem til Sin-øydemarki; der døyr Mirjam. Folket mukkar av di dei ikkje hev vatn, 1-6. Herren segjer til Moses at han skal tala til berget, so skal det gjeva vatn utor seg; men han tvilar og sler tvo gonger på berget med staven sin, 7-11. Herren forkynner at Moses og Aron ikkje fær koma inn i landet, av di dei hev vore vantruande, 12.13. Israels-borni bed edomitane um lov til å fara gjenom landet deira, men fær nei, 14-21. Aron døyr på Hor-fjellet, 22-29.
1I den fyrste månaden kom Israels-borni, heile lyden, til Sinøydemarki, og dei gav seg til i Kades. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.
2Men der var ikkje vatn åt folket, og dei flokka seg i hop mot Moses og Aron.