1Det var ein som låg sjuk, Lasarus frå Betania, den vesle byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.
17Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i gravi.
18Betania låg ikkje langt frå Jerusalem, berre femtan stadier på lag,
19og mange jødar var komne til Marta og Maria og vilde trøysta dei i sorgi yver broren.
20Då no Marta høyrde at Jesus kom, gjekk ho til møtes med han; men Maria sat heime.
21So sa Marta til Jesus: Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.
22Men kor som er, so veit eg at alt det du bed Gud um, det vil Gud gjeva deg.
23Jesus segjer til henne: Bror din skal standa upp att.
24Eg veit at han skal standa upp att når alle stend upp, på den siste dag, svara Marta.Dan 12,2; Joh 5,28-29; 6,40.54
25Då sa Jesus til henne: Eg er uppstoda og livet! Den som trur på meg, skal leva um han so døyr,Joh 14,6; 1 Joh 5,20
26og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æva ikkje døy. Trur du det?Joh 8,51
27Ja, Herre, svara ho, eg hev trutt, og trur, at du er Messias, Guds Son, han som skulde koma til verdi.Matt 16,16; Joh 4,4; 6,69
28Med so sagt gjekk ho av stad og kalla på Maria, syster si, og sa til henne i løynd: Meisteren er her og spør etter deg.
29Då ho høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til han.
30Jesus hadde endå ikkje kome inn i byen; han var endå på den staden der Marta hadde møtt han.Joh 11,20
31Då jødane som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho reiste seg brått og gjekk ut, fylgde dei etter henne; dei tenkte ho gjekk ut til gravi og vilde gråta der.
32Som no Maria kom dit som Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.
33Då Jesus såg at ho gret, og at jødane som hadde fylgt henne, gret, vart han harm i hugen og ristest og sa:
34Kvar hev de lagt han? - Kom og sjå, Herre! svara dei.
35Jesus gret.Luk 19,41
36Då sa jødane: Sjå kor kjær han hadde han!Joh 11,3.5
37Og sume av dei sa: Kunde ikkje han som opna augo på den blinde, ha gjort det so at denne mannen ikkje hadde døytt?Joh 9,6-7
38Då vart Jesus på nytt lag harm inni seg, og gjekk burt til gravi; det var ein heller, og det låg ein stein attfyre.Matt 27,60
39Tak steinen ifrå! segjer Jesus. Då segjer Marta, syster åt den avlidne: Herre, det tevjar alt av han, for han hev lege der på fjorde dagen!Joh 11,17
40Jesus segjer til henne: Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?Joh 11,26
41So tok dei steinen ifrå. Og Jesus lyfte augo mot himmelen og sa: Fader! eg takkar deg for di du hev høyrt meg!
42Eg visste nok at du alltid høyrer meg; men for folket skuld som stend her ikring, segjer eg dette, so dei skal tru at det er du som hev sendt meg.Joh 12,30
43Då han det hadde sagt, ropa han med høg røyst: Lasarus, kom ut!
44Ut kom den daude, med føtene og hendene sveipte i lindar, og med ein sveiteduk bunden kring andletet. Jesus segjer til dei: Løys han, so han fær ganga!
45Mange av jødane, alle dei som var komne til Maria og hadde set det han gjorde, trudde då på han.
46Nokre av dei gjekk til farisearane og sa dei kva Jesus hadde gjort.
47Då kalla øvsteprestane og farisearane rådet i hop til eit møte og sa: Kva skal me gjera? Denne mannen gjer mange teikn!Matt 26,3
48Let me han få halda på soleis, kjem alle til å tru på han, og då kjem romarane og tek både landet og folket vårt.
49Og ein av dei, Kaifas - han var øvsteprest det året - sa til dei:
50De skynar ingen ting! Ikkje heller tenkjer de på at det er til bate for dykk at ein mann døyr for landslyden, so ikkje heile folket gjeng til grunns.
51Det sa han ikkje av seg sjølv, men av di han var øvsteprest det året, var ordi hans ein spådom um at Jesus skulde døy for folket,
52og ikkje berre for folket, men at han og skulde samla i hop til eitt Guds born som er spreidde ikring.Joh 10,16
53Frå den dagen la dei upp råd um å drepa han.Matt 12,14
54Difor gjekk Jesus ikkje lenger fritt ikring millom jødane, men for derifrå til dei bygdene som ligg tett med øydemarki, til ein by som heiter Efra'im; der heldt han til eit bel med læresveinane sine.
55No leid det nær til påskehelgi åt jødane, og mange for frå bygdene upp til Jerusalem fyre påske og skulde reinsa seg.4 Mos 9,10-14; 2 Krøn 30,18-20
56Då leita dei etter Jesus, og sa seg imillom medan dei stod i templet: Kva tenkjer de? Kjem han slett ikkje til høgtidi?
57Men øvsteprestane og farisearane hadde gjeve påbod um at dersom nokon fekk vita kvar han var, skulde han segja ifrå, so dei kunde gripa han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.