1So sende Esekias bod ikring til heile Israel og Juda - til Efra'im og Manasse skreiv han og brev - og bad dei koma til Herrens hus i Jerusalem og halda påskehelg for Herren, Israels Gud.
4Det tykte både kongen og heile lyden var rett.
5Difor rådde dei seg til å lata ropa ut i heile Israel, frå Be'erseba til Dan, at folk skulde koma og halda påskehelg for Herren, Israels Gud, i Jerusalem; for dei hadde ikkje høgtida henne i flokk og fylgje, soleis som fyreskrive er.
20Og Herren høyrde bøni hans Esekias og lækte folket.
21Soleis høgtida Israels-borni - dei som då var i Jerusalem - usyrdebrødhelgi i sju dagar med stor fagnad; og prestane lova Herren dag etter dag med spelgogner som prisa Herrens makt.
22Esekias tala venleg til alle dei levitane som hadde synt sers dugleik i Herrens tenesta; og dei åt høgtidsofferet dei sju dagane, medan dei ofra takkoffer og lova Herren, sin fedre-Gud.
23Sidan rådde heile lyden seg til å halda høgtid endå i sju dagar, og so heldt dei høgtid med fagnad i sju dagar til.
24For Esekias, kongen i Judariket, gav lyden tusund uksar og sju tusund sauer og geiter, og hovdingane gav lyden tusund uksar og ti tusund sauer og geiter; og ei mengd med prestar helga seg.2 Krøn 35,7-8
25So var dei då glade og fegne, både heile Juda-lyden og prestane og levitane og alle dei som var komne til stemna frå Israel, og dei framande, anten dei no var komne frå Israelslandet eller budde i Juda.
26Det var stor fagnad i Jerusalem; for sidan den tid Salomo Davidsson var konge i Israel, hadde det ikkje hendt noko slikt i Jerusalem.
27Og Levi-prestane stod upp og velsigna folket, og røysti deira vart høyrd, og bøni deira nådde fram til hans heilage bustad - til himmelen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.