Daniel 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Engelen talar um korleis dei utvalde av Guds folk skal verta berga i den store trengsla som skal koma yver dei, korleis dei som er avlidne av dei, skal standa upp til æveleg liv, og leidarane åt folket stråla i himmelsk herlegdom, 1-3; so byd han Daniel å forsigla alt det han hev forkynt han, alt til endetidi. Daniel fær høyra meir um den siste tidi, men skynar det ikkje og fær det heller ikkje nøgare uttydt; med det vert sagt han at han skal kvila og standa upp og få sin lut når dagane fær ende, 4-13.

1I den tid skal Mikael standa fram, den store hovdingen som vernar borni åt folket ditt; og det skal koma ei slik trengsletid som det aldri hev vore frå den dagen noko folkeslag vart til, og alt til den tidi. Men i den tid skal alle dei som finst av folket ditt verta frelste som finst skrivne i boki.

8Og eg høyrde det, men skyna det ikkje; so spurde eg: Herre, kva er endelykti på dette?

9Då sa han: Gakk burt, Daniel! For desse ordi skal vera løynde og forsigla alt til endetidi.Dan 12,4

10Mange skal verta reinsa og tvegne og skirde; men dei ugudlege skal driva på med gudløysa si, og ingen ugudleg skal skyna det; men dei vituge skal skyna det.Dan 11,35; 12,3

11Frå den tid då det daglege offeret vert avteke og den øydande styggedomen sett upp, skal det ganga eit tusund, tvo hundrad og nitti dagar.Dan 8,13; 9,27; 11,31

12Sæl er den som biar og når fram eit tusund, tvo hundrad og fem og tretti dagar.

13Men gakk du til møtes med enden! Du skal kvila og so standa upp og få din lut når dagane fær ende.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help