4. Mosebok 18 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren talar til Aron um presteembetet som han og sønene hans skal hava, og um tenesta som levitane skal greida i tabernaklet, 1-7; han segjer fyre kva prestane skal hava å leva av, 8-20; levitane skal hava tiend av Israel, 21-24, og gjeva prestane tiend av tiendi, 25-32.

1So sa Herren til Aron: Du og sønene dine og heile farsætti di skal bera skuldi for sunder mot heilagdomen, og du og sønene dine skal bera skuldi for synder mot presteembetet dykkar.

4Dei skal halda seg attmed deg og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet; men ingen framand må koma innåt dykk.

5Men de lyt gjera alt som skal gjerast i sjølve heilagdomen og innmed altaret, so det ikkje tidare skal koma vreide yver Israels-borni.

20Og Herren sa til Aron: Du fær ingi jordeign i landet deira og ingen lut millom dei; eg skal vera din lut og di eiga millom Israels-borni.5 Mos 10,9; 12,12; Jos 13,14.33; Esek 44,28

21Men all tiend i Israel gjev eg Levi-borni til eigedom for arbeidet deira, det arbeidet dei gjer i møtetjeldet.3 Mos 27,30

22Og dei hine Israels-borni skal ikkje meir koma innåt møtetjeldet; for då fører dei synd yver seg og lyt døy.4 Mos 17,13

23Levitane åleine skal greida tenesta i møtetjeldet, og dei skal bera skuldi for syndene åt folket; det skal vera ei æveleg lov, frå ætt til ætt. Dei skal ingi jordeign hava millom Israels-borni.

24For tiendi som Israels-borni skal koma til Herren med, gjev eg levitane; den skal vera deira eigedom; difor er det eg hev sagt at dei ingi jordeign skal hava millom Israels-borni.Neh 10,37-39

25Og Herren tala til Moses og sa:

26Du skal tala til levitane og segja til dei: Når de tek imot tiendi som eg hev sagt at de skal få til eigedom av Israels-borni, so skal de gjeva Herren ei reida av det - tiend av tiendi.

27Og reida dykkar skal reknast for jamgod med det kornet dei andre ber fram frå treskjestaden, og den vinen dei kjem med frå persa.2 Mos 22,29

28På den måten skal de og gjeva Herren reida av all tiendi de fær hjå Israels-borni, og den reida de hev etla åt Herren, skal de gjeva Aron, presten.

29Av alle gåvor de fær, skal de gjeva Herren heile den reida han skal hava, og det de vigjer til han, lyt all tid vera av det beste.

30Og du skal segja til dei: Når de hev ofra det beste av det, so skal det for levitane reknast likt med det som kjem inn ifrå treskjestaden og ifrå vinpersa.4 Mos 18,27

31De kann eta det kvar de vil, både de og folket dykkar; for det er løni de skal hava for arbeidet i møtetjeldet.Matt 10,10; 1 Kor 9,13

32Når de berre gjev frå dykk det beste, kjem de ikkje til å føre synd yver dykk, og då vanhelgar de ikkje dei heilage gåvone frå Israels-borni og skal ikkje lata livet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help