Amos 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten ser tvo syner: Den fyrste varslar at Herren vil tyna Israel heilt, og den andre at han vil gjera det same med Israel og heile folkeverdi; i båe synene fær han med si forbøn Herren til å spara folket sitt, 1-6. So ser han ei tridje syn, som like eins varslar at Israel skal ganga under. I denne syni segjer Herren han at han ikkje lenger vil spara folket, men tyna avguds-heilagdomane deira og lata Jeroboams hus døy for sverd, 7-9. Presten i Betel, Amasja, klagar Amos for Jeroboam og vil ikkje tola at han stend fram som profet i Israelslandet; profeten vitnar at Herren hev kalla han, og forkynner Herrens straff yver Amasja og huset hans, 10-17.

1Denne syni let Herren, Israels Gud, meg sjå: Det var ein som skapte grashoppar, då håi tok til å koma; det var håi etter kongens slått.

2Og då dei vel hadde ete upp kvart grasstrå i landet, då sa eg: Herre, Israels Gud, tilgjev! Kor kann Jakob berga livet, so liten som han er?

3Då angra Herren det. Det skal ikkje henda, sa Herren.1 Mos 18,26; 2 Mos 32,14

4So let Herren, Israels Gud, meg sjå denne syni: Til straffar kalla han elden fram, Herren, Israels Gud, og han åt upp det store djupet og heldt på å eta odelslandet med.

5Då sa eg: Herre, Israels Gud, haldt upp! Kor kann Jakob berga livet, so liten som han er?4 Mos 11,2

6Då angra Herren det. Ikkje dette heller skal henda, sa Herren, Israels Gud.

7So let han meg sjå ei sovori syn: Herren stod på ein tverrbratt mur, og i handi hadde han eit blylodd.

8Og Herren sa til meg: Kva ser du, Amos? Eg svara: Eit blylodd. Då sa Herren: Sjå, eg skal bruka eit blylodd millom Israel, folket mitt; eg vil ikkje lenger hava tol med deira synd.2 Kong 21,13; Jes 34,11

9Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar siga i røys, og mot Jeroboams hus vil eg risa upp med sverd.2 Kong 17,23; 15,10.12; Hos 1,3

10Då sende Amasja, presten i Betel, bod til Jeroboam, Israels-kongen, med sovorne ord: Amos hev fenge til ei samansverjing mot deg midt i Israels hus; landet kann ikkje tola all røda hans.Jer 38,4

11For so hev Amos sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og Israel verta burtført frå sitt land.

12Og Amasja sa til Amos: Gakk din veg, du sjåar, fly til Judalandet! Der kann du eta ditt brød, og der kann du vera profet!

13Men i Betel fær du ikkje lenger driva som profet; for det er kongeleg heilagdom og rikstempel.

14Då svara Amos Amasja so: Ikkje er eg profet, og ikkje profetsvein; eg er berre ein hyrding, som sankar morbær-fikor.1 Kong 20,35; 2 Kong 2,3.5.7

15Men Herren tok meg burt frå hjordi, og Herren sa til meg: Gakk og ver profet for mitt folk Israel!

16So høyr no Herrens ord: Du segjer: Du skal ikkje tala profetord mot Israel og ikkje preika mot Isaks hus.Mi 2,6

17Difor segjer Herren so: Kona di vert skjøkja i byen, dine søner og døtter skal falla for sverd, di jord skal dei byta med mælesnor, du sjølv skal døy i eit ureint land, og Israel skal verta burtført frå sitt land.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help