1Ein song til høgtidsferdene. / Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom - so segje Israel -
2mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje vunne yver meg.
3Ryggen min hev plogmenner pløgt, dei hev gjort sine forer lange.
4Herren er rettferdig, han hev hogge av reipi åt dei ugudlege.
5Dei skal skjemmast og vika attende alle som hatar Sion,
6dei skal verta som gras på taki, som hev visna fyrr det vert rive upp.
7Slåttaren fær ikkje handi full, og bundelbindaren ikkje eit fang.
8Og dei som gjeng framum, segjer ikkje: Herrens velsigning vere yver dykk, me velsignar dykk i Herrens namn!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.