1So sa Herren: Gakk og kjøp deg ei krukka av krusmakaren! Tak so med deg nokre av dei øvste av folket og nokre av dei øvste av prestane,
2og gakk ut til Hinnomssonsdalen, som er utanfor Krusmakarporten, og ropa ut der dei ord som eg vil tala til deg!
3Du skal segja: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Sjå eg fører slik ulukka yver denne staden at det skal ringja for øyro på alle som høyrer um det,1 Sam 3,11; 2 Kong 21,12
4av di dei vende seg frå meg ikkje heldt denne staden for heilag og brende røykjelse der for andre gudar, som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira eller Juda-kongane, og fyllte denne staden med skuldlaust blod
5og bygde Ba'als-haugar til å brenna sønene sine i eld på, til brennoffer for Ba'al, slikt som eg korkje hev gjeve påbod eller tala um, og som aldri kom i mine tankar.Jer 7,31-34; 32,35; Esek 16,20; 23,37
6Sjå, difor kjem det dagar, segjer Herren, då dei ikkje lenger skal kalla denne staden Tofet og Hinnomssonsdalen, men Dråpsdalen.
7Og på denne staden vil eg gjera rådi åt Juda og Jerusalem um inkje, og eg vil lata dei falla for sverdet åt deira fiendar og for deira hand som stend dei etter livet; og liki deira vil eg gjeva til mat åt fuglane i lufti og dyri på jordi.2 Sam 15,31; Neh 4,15; Job 5,12; Sal 33,10; Jes 8,10; 19,3
8Eg vil gjera denne byen til ei skræma og ei spott; alle som fer framum, skal verta forstøkte og spotta yver alle plagone hans.Jer 18,16; 3 Mos 26,32
9Eg vil lata dei eta kjøtet av sønene og døtterne sine, og dei skal eta kjøtet av kvarandre i den naud og trengsla som deira fiendar og dei som ligg dei etter livet, fører yver dei.3 Mos 26,29; 5 Mos 28,53-55; Klag 2,20; 4,10
10Og du skal krasa krukka for augo på dei menner som gjeng med deg,
11og segja til dei: So segjer Herren, allhers Gud: Soleis vil eg krasa dette folket og denne byen, som ein krasar krusty som ikkje let seg bøta, og i Tofet skal dei gravleggja folk av di det ikkje finst andre stader til å jorda dei i.Jer 7,32
12Soleis vil eg fara åt med denne staden, segjer Herren, og med dei som her bur; eg vil gjera denne byen lik Tofet.
13Og husi i Jerusalem og husi åt Juda-kongane skal verta som Tofet, ureine som dei er, alle dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse for heile himmelheren og rent ut drykkoffer for andre gudar.Jer 32,29; 44,17-19; Sef 1,5; 2 Kong 21,3.5
14Og Jeremias kom frå Tofet, dit Herren hadde sendt han til å tala profetord, og han steig fram i fyregarden til Herrens hus og sa til alt folket:
15So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Sjå, yver denne byen og yver alle dei byane som høyrer han til, let eg koma all den ulukka som eg hev varsla imot han; for dei gjeng der hardnakka og høyrer ikkje på mine ord.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.