Salmane 75 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Israel prisar Gud for di han hev lova at han i si tid vil halda rettvis dom yver det storriket som no skjeplar hans skipnad på jordi, 2-4. Songaren åtvarar dette storriket mot å ovmoda seg og spotta for di Israel ser ut til å vera hjelpelaust; hjelpi kjem frå Gud, han som dømer verdi, 5-8. Han skal gjera alle ugudlege på jordi til inkjes og lyfta folket sitt upp; so skal det prisa han i all æva, 9-11.

1Til songmeisteren; «Tyn ikkje»

2Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn; dei fortel um dine under.

3For: Eg vil gripa den fastsette tid, eg, eg vil døma med rettferd.

8nei, Gud er den som dømer; den eine nedrar han, hin upphøgjer han.1 Sam 2,7-8

9For eit staup er i Herrens hand med skumande vin; det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det; ja bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi.Sal 60,5; Jes 51,17; Jer 25,15

10Men eg vil forkynna det æveleg, eg vil lovsyngja Jakobs Gud.

11Og alle horni på dei ugudlege vil eg hogga av; horni på den rettferdige skal reisa seg høgt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help