1Og Herren tala til Moses og Aron og sa:
2Israels-borni skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ætte-hermerke.
3På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, under fana si. Hovdingen yver Juda-borni er Nahson, son åt Amminadab;
4og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann.
5Jamsides med dei skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-borni er Netanel, son åt Suar;
6og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og femti tusund og fire hundrad mann.
7Like eins Sebulons-ætti. Hovdingen yver Sebulons-borni er Eliab, son åt Helon;
8og flokken hans, dei som er mynstra, er sju og femti tusund og fire hundrad mann.
9Heile hermakti som er mynstra i Judalægret, er hundrad og seks og åtti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi når de tek ut.
10På sudsida skal Rubens-heren lægra seg under fana si, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-borni er Elisur, son åt Sede'ur;
11og flokken hans, dei som er mynstra, er seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.
12Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-borni er Selumiel, son åt Surisaddai;
13og flokken hans, dei som er mynstra, er ni og femti tusund og tri hundrad mann.
14Like eins Gads-ætti. Hovdingen yver Gads-borni er Eljasaf, son åt Re'uel;
15og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.
16Heile hermakti som er mynstra i Rubenslægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi når de tek på vegen.
17Møtetjeldet og Levilægret skal vera midt imillom lægri kvar gong de tek ut; som dei hev lægra seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana.
18På vestsida skal Efra'ims-heren lægra seg under fana si, flokk i flokk. Hovdingen yver Efra'ims-borni er Elisama, son åt Ammihud;
19og flokken hans, dei som er mynstra, er fyrti tusund og fem hundrad mann.
20Jamsides med dei skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-borni er Gamliel, son åt Pedasur;
21og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.
22Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-borni er Abidan, son åt Gideoni;
23og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og tretti tusund og fire hundrad mann.
24Heile hermakti som er mynstra i Efra'imslægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi so ofte de fer av stad.
25Mot nord skal Dans-heren lægra seg under fana si, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-borni er Akieser, son åt Ammisaddai;
26og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.
27Jamsides med dei skal Asers-ætti liggja. Hovdingen yver Asers-borni er Pagiel, son åt Okran;
28og flokken hans, dei som er mynstra, er ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.
29Like eins Naftali-ætti. Hovdingen yver Naftali-borni er Akira, son åt Enan;
30og flokken hans, dei som er mynstra, er tri og femti tusund og fire hundrad mann.
31Heile hermakti som er mynstra i Danslægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi under fanone sine kvar gong de tek i veg.
32Dette var dei av Israels-borni som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk.4 Mos 1,46-54
33Men Levitane vart ikkje mynstra saman med hine Israels-borni; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera.
34Og Israels-borni gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt Moses fyre; soleis lægra dei seg under fanone sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.