Jesaja 55 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Dei som er fatige i åndi, vert bedne til å koma og ufortent få lut i Guds rike og æveleg frie nåde i Messias; i hans rike skal heidningane og få rom, 1-5. Dei ugudlege må, medan det endå er tid, venda um til Herren, som er rik på miskunn, 6.7. Herrens tankar og vegar er høgre enn menneski sine, og hans ord skal visst og sant verka det som det lovar; lyden hans skal verta herleg frelst og velsigna til gleda og fagnad for heile skapningen, 8-13.

1Å, alle de tyrste, kom til vatnet, og de som ikkje hev pengar! Kom, kjøp og et, ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk!

4Sjå, til vitne for folkeslag hev eg sett han, til hovding og styrar for folkeslag.

5Ja, du skal kalla på folk som du ikkje kjenner, og heidningfolk som ikkje kjenner deg, skal skunda seg til deg; for Herrens skuld, din Gud, og for Israels Heilage skuld, for han herleggjer deg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help