Johannes 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jesus lækjer ein blindfødd på ein sabbat, 1-12; farisearane tek den blindfødde i forhøyr, freistar fåfengt å få han til å neitta undergjerningi, spottar han for det frimodige svaret hans og viser han burt i harm, 13-34. Han møter Jesus og sannar si tru på han, 35-38. Jesus talar um dei blinde som skal få syni, og dei sjåande som skal verta blinde, og forkynner dom yver farisearane, 39-41.

1Då han gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.

2Læresveinane spurde han: Rabbi, kven er det som hev synda, han eller foreldri hans, sidan han laut koma til verdi blind?

3Dei hev ikkje synda, korkje han eller foreldri hans, svara Jesus, men det var for di Guds verk skulde syna seg på han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help