Domarane 19 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Ein levit hev ei fylgjekona som er utru og fer ifrå han; han fer etter henne og vil få henne til å koma att, 1-8. På heimvegen fær han hus åt henne og seg i Gibea; mennene der skjemmer henne, so ho døyr; han tek liket hennar med seg heim og lemar det upp i tolv luter; desse lutene sendar han kring i heile Israel, so han skal få hemn yver Gibea-mennene, 9-30.

1På denne tidi, den gongen då det ikkje fanst nokon konge i Israel, var det ein mann av Levi-ætti som heldt til lengst burte på Efra'imsfjellet. Han fekk seg ei fylgjekone frå Betlehem i Judafylket.

19Eg hev både halm og for til asni våre og brød og vin til meg og tenestkvinna di og drengen som tenarane din hev med seg; det vantar oss ingen ting.

20Då sa den gamle mannen: Fred vere med deg! Lat berre meg syta for alt det du treng! Men på torget må du ikkje vera i natt.

21So fylgde han den framande inn i huset sitt og blanda for åt asni hans, og då dei hadde tvege føtene sine, sette dei seg til bords.1 Mos 18,4; 19,2

22Best dei sat og kosa seg, kom mennene i byen, gudlause folk som dei var, og kringsette huset; dei dundra på døri og ropa til den gamle mannen som åtte huset: Lat den karen som hev teke inn hjå deg, koma ut, so me kann få vår vilje med han!1 Mos 19,4-11

23Då gjekk huseigaren ut til dei og sa: Far ikkje so, godtfolk! Gjer ikkje vondt! Kom i hug at denne mannen er gjesten min, og gjer ikkje so stygg ei gjerning!

24Sjå her er dotter mi, som er møy, og fylgjekona hans; dei skal eg senda ut til dykk; so fær de taka dei og gjera med dei som de synest; men denne mannen må de ikkje fara so stygt med!

25Men karane vilde ikkje høyra på han. Då tok den framande fylgjekona si og leidde henne ut til dei, og dei låg med henne og skamfor henne heile natti og slepte henne ikkje fyrr det leid imot morgonen og tok til å ljosna.

26I dagrenningi kom kona og seig i hop framfyre døri til det huset der husbonden hennar var; der vart ho liggjande til det var ljost.

27Då husbonden hennar reis upp um morgonen og let upp husdøri og gjekk ut, vilde fara sin veg, då låg kvinna, fylgjekona hans, framfyre husdøri med hendene på dørstokken.

28Han sa til henne: Reis deg upp, og lat oss fara i veg! Men han fekk ikkje svar. Då lyfte han henne upp på asnet og tok ut og for til si bygd.

29Og då han kom heim, treiv han ein kniv og tok fylgjekona si og lema henne sund i tolv luter, og lutene sende han kring i heile Israelsriket.

30Og alle som såg det, sa: Slikt hev aldri hendt og aldri vore spurt alt ifrå den dagen då Israels-borni for frå Egyptarland, og til denne dag. Tenk etter, legg råd og seg kva de meiner!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help