1Av David, ein salme. / Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur der.2 Mos 19,5; 5 Mos 10,14; Sal 50,12
2For han hev grunnlagt henne på hav og grunnfest henne på strøymande vatn.1 Mos 1,9-10; Sal 104,5; 136,6
3Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad?Sal 15,1-5
4Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik.Matt 5,8
5Han skal få velsigning frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.Jes 48,18
6Dette er deira ætt som spør etter han, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. Sela.Rom 9,6-7
7De portar, lyft upp dykkar hovud, ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!Sak 9,9
8Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldig, Herren veldig i strid.2 Mos 15,3
9De portar, lyft upp dykkar hovud, ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!
10Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers Gud, han er kongen den herlege. Sela.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.